17.mai på 50-talet.


17. mai var alltid ein merkedag, ein dag me ungane gledde oss til i lange tider.
Vi førebudde dagenpå skulen. Vi song 17.maisalmar og -songar, og kunne dei fleste til den store dagen.  Litt etter klassetrinn fekk vi dei ulike historiane, frå Henrik Wergeland som stifta dagen og " Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange", til Eidsvollsmennene og utdrag av grunnlova.  Vi fekk historia om 1905 og unionsoppløysinga , og ikkje minst om dei 5 forferdelege åra vi hadde vore under "tysjen". Tenk at nokon kunne innta eit fredeleg land, og øydelegge fridommen vår! Vi var barnleg indignert over okkupasjonen, over dei drepne motstandmennene, Telåvåg og Finnmark, matmangel og sukkermangel.
Dagen før dagen marsjerte me i vegen, og flaggberaren, faneberaren  og medhjelparane fekk sine instruksjonar. I toget skulle me gå to og to, halde avstand, og ikkje minst halde vårt eige flagg høgt. Å subbe det i grusen var ikkje god folkeskikk. Heller ikkje å springe  ut og inn i toget. Me skulle syngja med på songane, og delta i hurraropa.



Mor førebudde klede. Etterkvart fekk me 4 jentene bunader, og då var det 4 skjorter, 4 forkle, justering av foldeskjørt og alt som skulle til. Me var krye av bunadane våre. Skjortene og forkle hadde blondar i staden for hardangersaum, og det var foldeskjørt i staden for stakk. Dei eldste fekk bunadshuve, og eit år fekk alle fire nye raude ballerinasko. Du verda kor fine me var!

Dalebygden hadde tre vegar, og så vidt eg hugsar, gjekk toget annankvar gong frå Hopsdal og Hodnesdalen. Etterkvart kom og Hedlesvågen med som eit tredje alternativ.  Dei første åra var ein  mann med god songstemme oppsongar, seinare vart spelemannen køyrd  med hest og kjerre, og etterkvart sat han bak på lasteplanet på ein lastebil og drog trekkspelet.
Sjølve feiringa var i det vesle ungdomshuset på Hannisdalsflaten. Fint pynta med norske flagg og bjørkestranger ved inngangen, og benker med og utan ryggstø inne. Det var allsong, diktlesing og opplesing, tale og song. Me ungane opplevde dette som eit nødvendig onde, og hadde streng beskjed om å halde oss i ro.  Så var det mat, rauddravle, rømmegraut eller lapskaus, og brus og kjeks til ungane. Kjeksen var Tomkjeks kjøpt på butikken, og brusungen kjøpte me på staden. Me kunne velge om me ville ta av korken eller får ein spikar gjennom korken. Det siste gjorde at brusen varde lengre, og du slapp smular i han.  Kaffi til dei vaksne.

Eit år hadde dei til og med fått tak i is. Han vart oppbevart i eit mjølkespann på ishuset i meieriet, og teke opp til ungdomshuset. Far og mor var ikkje å sjå da dei tok til å selje.  Då far kom, var alle isane seld. Det vart krise, og eg gret av skuffelse. Men så var det ein som hadde fått to, og forbarma seg, så eg fekk smake is for første gong.
Når maten var fortært,  kunne det viktigaste med dagen ta til: Leikane. Alle ungane sprang 60 meter, og det var stafett. Folk stod ved sida av vegen og heia på dei som sprang.
Så var det sekkeløp, og ein sprang med egg i skei, og av og til hadde dei vaksne fotballkamp med litt uvanlege reglar. Utkledde som kvinnfolk brukte dei stakken for å bere fotballen i mål, til stor glede for publikum.  Dei vaksne drog tau, og stor var jubelene når det eine laget drog det andre over midtstreken!  Alt foregjekk i vegen, for dei to- tre bilane som eventuelt kunne kome, såg ein på lang avstand!
Frå ei anna tid.
Til slutt var det premieutdeling. Eg var aldri fremste rekke der, fordi eg ikkje var nokon hurtigløpar. Men ein trøstepremie fekk eg, og såg med beundring og litt misunning på dei som fekk første premie, slik som syster nr. 2.
 Dagen var avslutta med nokre velvalgt ord frå komiteen, og alle song ein ferdelandssong til slutt
For dei vaksne var det  fest i øvre eller nedre bedehuset, eller dans i ungdomshuset.  Me ungane var trøytte etter dagen, og kom heim, spente av oss skorne, åt kveldsmat og sovna lukkelege etter kort tid.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar