"Såpe og vann og sunn fornuft er de beste desinfeksjonsmidler. " William Osler



Det er barnelærdom at  doktor Semmelweis oppdaga kva det betydde å vaske hender.. Han fekk lækjarane, (som var menn) til å vaske hender og dermed gjekk dødeligheten på barselavdelingane dei hadde ansvar for ned til samme nivå som der jordmødre tok seg av dei fødande. Arbeidet til Semmelweis vart  publisert i 1861, men fekk ikke betydning før på  utvikling av bakteriologien før på 1870-tallet. 
Nå heiter det i ei lærebok om hygiene: 
"Vask hendene er den viktigste regelen for å observere renslighet. Våre hender blir utsatt for mer smuss, bakterier og bakterier enn noen annen del av kroppen vår, og de berører nesten alt som kommer inn og på kroppene våre. De bærer millioner av mikrober og kan passere infeksjoner, sykdom og sykdom til og fra andre. Fullstendig vaske hele hånden og neglene med såpe, etterfulgt av grundig skylling og tørking med en håndtørker eller rent håndkle, kan forhindre spredning av mikrober. " 

Coronaepidemien gjorde gamle kunster nødvendige på nytt. Nettet fløymde over om tips for riktig håndvask, og på TV demonstrerte dei korleis du skulle vaske hender for å halde virus og bakteriar unna.

Då eg var liten, vaska me hender når du kom inn att og skulle ete, når du hadde vore ute og leika, og når du hadde vore på utedo. Rett som det var fekk du ordre om å vise fram hendene, både  håndlove og handflate. Om ikkje loven- oversida var skikkeleg vaska, var det berre å ta ein omgang til. Skulle du nokon stad, måtte du sjå til at du ikkje hadde sørgerender under neglene.

I min første tid bruka du kaldvatn frå springen, eller handvask i det emaljerte vaskefatet på kjøkkenet. I vaskefatet fekk du litt varmt vatn oppi, så den metoden var så absolutt å foretrekkje.  Sunlightsåpe,  og seinare Lano var såpa du brukte. Vaksne folk med skitne hender brukte etterkvart Sterilan. Du vætte, såpa deg inn og skylde, før du tørka deg på handduken som hang attmed utslagsvasken.  Så synte du fram resultatet, og vart godkjent.

Då eg var ni år flytta me i nytt hus. Då hadde me - du hendelse i værne- tilgang til  bad med porselen vaskeservant  med  tappekran for varmt og kaldt vatn. Såpa  låg klar på servanten,  og håndkle til hender og til resten av kroppen hang  på badet.  Me hadde ordre om å vaske hendene etter dobesøk, men når sant skal seiast, det vart ikkje alltid fylgt. Ein gløymde det, om det var leik eller andre viktige ting som stod føre. Men før måltidet var det marsj på badet og vaske hender.

 På skulen vaska me hendene før me åt, når leiken hadde vore skitsam, og etter dobesøk. Kaldt vatn i springen var ikkje særleg forlokkande. Men parolen var klar: Slå vatn i vaskefatet, som me ikkje tømde for kvar gong det var brukt, eller hald hendene under springen.  Såpe og handkle hadde me med heimanfrå. Såpekoppane våre stod på kjøkenbenken i bedehuset, og handklea hang på kvar sin knagg, og vart teke heim når dei var skitne, eller kvart halvår.
Vaksne folk med skite arbeid var ofte brune på hendene. Far min hadde arbeid der han skitna hendene med jord, olje og smurning, og kom innatt og måtte ha ein grundig vask før måltida. Av og til hjelpte det ikkje med Sterilan heller, så han måtte bruke vaskepulver for å få hendene presentable. Me ungane såg på hendene våre og syntes dei var reine, samanlikna med hans.

Men det var så det skulle vera, arbeidsfolk hadde skitne hender.

Men det slår meg at me ikkje hadde same strenge regime ved forkjølelse og influensa, som no.   Eg konsulterte læreboka mi frå husmorskulen også: Bruk lommetørkle, vær heime om du verkeleg sjuk, og vask hendene. Men handvasken var ikkje noko must for å unngå dråpesmitte.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar