Kvar vart det av jula? Gjensyn med ei lita bok av Rasmus Løland

    

Eg ryddar framleis i gamle bpker: 

Vesle Hallvard hadde så store forventningar til jula. Storebror skulle kome heim frå landbruksskulen, Hallvard var lova julegåve, og han hadde slett ikkje tenkt å vere anna enn snill gut i denne søte juletida. Men var det ikkje som utgjort! Det byrja med ein liten ulydnad, men det drog etter seg så mykje leitt: Hallvard kunne ikkje forstå etterpå korleis det heile gjekk til.  Dette er innleinga på boka eg vil skrive om i dag. 
Ingen kan vel skildra barns tankar og kjensler slik som Rasmus Løland- han er og blir meisteren. " Kvar vart det av Jula?" kom første gongen ut i 1894, og dette er den sjette utgåva.  Så det er tydeleg at boka vart lesen i nesten hundre år.

Men kva er det som går så gale? Jau storebror har lova veslebrørne ei julegåve, kvar sin tinnsoldat. Julefta vert Hallvard åleine inne, og blir så fortærande ivrig for å sjå julegåva si. Kista til broren står i gangen, alle er i fjøset, så han tar ein liten gløtt nedi kista, finn ingen ting. Har broren gløymt det?  Han rotar vidare, flytter på bøker og set ei flaske oppå bøkene. Så synest han at han høyrer nokon i gangen. Redd for å bli oppdaga, smell han att kistelokket. Det singlar i glas, og han skjønar til si store fortviling at flaska har gått i knas, og vett både bøker og anna innhald. Han låser kista og spring ut, og synest at han kom vel ifrå det heile. Då han sistpå kjem inn att, er dei andre innattkomne, og han byter klede og flir seg til helga. Då broren langt om lenge går for å hente soldatane, vert skaden oppdaga.  Bøker og mykje anna har fått stygge flekker. Etter mykje press må Hallvard vedgå at han har vore i kista for å sjå etter soldatane. Faren vil gje han juling, men storebror går i mellom, så det blir ikkje noko av. Hallvard gret og skjemmes, og blir tvinga til bords saman med dei andre.  Litt seinare går han til sengs, og snyktar og gret. Mor hans trøystar han. Men han tek ikkje imot trøyst. 
Juldagen ser ut til å starte bra, og då Hallvard vaknar, får han tinnsoldaten. Men veslebroren sit saman med Morten, storebror, og ser i ei bok med bilete av ville dyr, og brått kjem dei til nokre sider med store brune flekker. Veslebror gjer merksam på dette, og det ser ut som storebror kaldflirer med det same. Så blir Hallvard misunneleg på veslebror Laurits, og vil korkje ha på seg helgetrøya eller hjelpe mor med å bera inn ved. Han nektar, og trassar.  Faren vert illsint, og denne gongen  kastar far Hallvard ut : " Kom att når du har kjølt sinnet av deg!" Guten ligg og skrik i vedskjulet, høyer kameratane driv i akebakken medan han sjølv ligg og frys i høvelsponet. Så spring han ned i fjøset og legg seg i innste kubåsen. Han synest synd på seg sjølv, og vonar dei heime vil finne han ihelsvelt og -frosen . I staden kjem syster hans og skal sjå til kyrne. Han freser til, møter mora i fjøsdøra og får dugeleg skjenn fordi han har grisa seg til.  Ho tvingar han til bords, og svolten som han er, et han dugeleg. Han fekk svelta seg sidan. 


Mor hass ber han hjelpe til å bere inn vatn, men Hallvard legg vrangsida til og nektar. På veg bort sparkar han til eit steintyfat bestemor hans har sett ut med mat til hønene. Fatet går i tusen knas. Ein nabogut sladrar på han, og bestemor fekk vita det. Ho var hans siste sjangse, snill som ho ofte var mot han når dei andre var vrange. Han hemner seg på naboguten, sler han ned så blodet hans renn. Hallvard gøymer seg på nytt, og kryp inn i smia. Gutane leikar seg i akebakken. Han høyrer dei, men kan ikkje vere med.  Far og  Morten rekjer fara hans, finn han. Han får  ris, for alle gongane han har vore vond og vrang heile jula. Igjen er gutane ute og leikar seg, medan Hallvard sit hikstande i omskråa.



Andre juledag dreg  Morten til kyrkje, saman med resten av familien. Hallvard hadde gleda seg til å vere med, men vert heime på grunn av det som hadde skjedd. Han tenkte på dei som for til kyrkje: " Køyra i fykande tråv på isen og nedetter dalen, få sjå att kyrkjefolket og presten.. gå i kyrkjeklede og kjøpa kringler og sukkerkavring hjå bakaren.. og denne kyrkjeferda han hadde gledd seg slik til.. og til å få køyra saman med han Morten! - Det var som det reiv i eit sår berre han tenkte på det."
Fjerde dags jul går Hallvard i seg sjøl. Kvifor hadde denne jula bli borte? " Hadde dei andre gjort han noko imot, så kom det seg kvar gong av at han sjølv hadde vore furten og vond fyrst, furten og vond fordi han skamma seg over det han hadde gjort julekvelden. Det hadde drege alt det andre etter seg.. Den vesle tingen at han ikkje hadde hatt tålmod til å venta og var forviten i utide! Alt dette kunne han ha sloppe hadde han berre vore varare om seg då! " Han lova seg at han skulle ta seg betre i vare ein annan gong. Men han kjende seg mykje eldre. 



Rasmus Løland skreiv fleire barnebøker, og skildrar ofte barnesinnet, men kanhende litt med den vaksne sitt blikk.  Han var veikhelsa, budde lenge heime, men tok ikkje så mykje del i  gardsdrifta. Dette er skrive medan han framleis levde nær familien sin, og hadde ei haugansk tru. 
 Han reiste heimanfrå, og skreiv for ymse blad, mellom anna 17.mai. Ei stund var han redaktør for Norsk Barneblad. Etterkvart  utvikla han seg  til fritenkjar, for det låg i tida. Bjørnstjerne Bjørnson , Arne Garborg og mange andre gjekk den vegen. Han budde på Labråten og var nabo med Arne Garborg dei siste åra av sitt liv, men døydde av tæring berre 46 år gamal.  Han skreiv eit levande og godt nynorsk, med ei fin evne til å skildre både tankar og situasjonar.
 Eg har ei utgåve frå 1978, men eg hugsar lærar Midtgård las forteljinga for oss då me gjekk i storskulen.  Me høyrde godt etter, syntes forferdeleg synd på Hallvard som miste heile julehelga,  og lærde vel at det me skulle gjera,  var å ta   ta oppgjeret etter ein fadese med ein gong, heller enn å vente så han vart mykje større. 
Tida endrar seg, barneoppdragelsen endrar seg, men likevel meiner eg at boka gjev eit innsyn i barnesinnet som enno er aktuell, og kan gje oss alle ei påminning om å ta oppgjeret med det same, erkjenne eigne feil, og tilgje seg sjølv og gå vidare i livet. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar