Fra Fløksand til utkantleiknes på 60-talet.


 

Våre dagar gjer me turen Leiknes- Fløksand på ein halv time.  Me susar gjennom tunellar og over bruer, og snart er me der. Den erverdige Fløksand husmorskule, som  i tre kvart århundre  utdanna dyktige husmødre, og var forskule for sjukepleiarar og hustelllærarar, er no vorte  golfbane for dei som gillar sporten.  Eit nydeleg friområde  ut mot  kysten er det og. 



Når me i 1965 skulle heim etter endt veke på husmorskulen , var det laurdag ettermiddag. 5 dagars skuleveke kom først på 70-talet, så me måtte nok ha både frukost og middagsplikter før dagen var omme. Men me hadde pakka om morgonen, og  fekk fri så vi kunne henta bagasjen til bussen kom.

Det var litt av ei reis, særleg når me skulle til den  vesle avkroken som heitte Leiknestangen. 

4 elevar  måtte vera att. Dei hadde helgevakt, og skulle hjelpa til i fjøset, og lage mat til lærarane og seg sjølv. Lite populært, men det gjekk på skift, så stort meir enn ein gong på det halve året me var der, vart det ikkje. 



Dei mest fremmelige hadde gjort avtale med ein mons, som  friarane der ute heitte, og hadde skyss. Me andre måtte vente på ein utrangert BNR-buss, som vart både full og overfull etter stoppet på Fløksand.  Dei sist innkomne  sat på motorkassa, når me snigla oss innover smale vegar med nokre møteplassar på veg til Frekhaug. Det lukta diesel, og ein kunne kjenna det i magen når bilen kjørde den svingete vegen.
Sjåføren rygga til næraste møteplass, særleg om han hadde dårleg tid til båten. Hald deg fast, og sjå ikke utfor vegen!



På Frekhaug kai var eit yrjande liv, for her kom BNR sine båtar innom på veg til Knarvik, Isdalstø og vidare i ruta si. Det galdt å finne båtane med anløp Knarvik, for der gjekk ferda vidare for dei fleste. Ein del passasjerar hadde gått av i Salhus og på Frekhaug, så det var som regel god plass når me endeleg kom ombord i båten. Det tok ikkje så lang tid, så ein fekk ikkje tid til å kjøpe kaffi. 




På Knarvik kai var det pånyorientering, der det viktige var å finna ein buss som gjekk forbi Kleivdal, og ikkje til Radøy, eller snigla seg rundt Seimsneset. Eg fann jo fram, sjølv om eg måtte spørja, og springa frå den eine bussen til den andre. Sjåførane var standsmesig kledd, med grå uniform og sjåførluve med BNR- merke.  Eg løyste billett, og det var litt kamp mellom sjåførane om å kome seg først ut  frå kaien, og såleis liggja i forkant opp bakkane mot høgda og ned mot Isdal. 


 Så løyste køa seg opp, og bussane snirkla gjennom tunet på Isdalsgardane, og slepte av folk ved Åse.  Dei var innom ved Seim handel, og køyrde på høgre sida av Seimsvatnet opp mot  gamle Furubergtunellen, som var så smal at du måtte rygga om du møtte nokon,  Så  segla vi oss ned mor Kleivdal, der gamlevegen er omtrent som han var den gongen, men no litt breidare og litt breiare svingar. 






Ved Kleivdal trekte eg i snora, og gjekk av.  Men så var det å koma seg vidare?  Vegen til Leiknes var gamal og god, med aner tilbake til ein presteveg på1600-talet,  men no  trafikkert av Indre Nordhordland Dampbåtlag.  Mellom dei og BNR var det ingen korrespondanse. Det var eit framandord, utan innhald. Løysinga var å gå ei mil, noko eg som oftast slapp. Sigmund, stefar min, var ofte på plass, saman med ein to-tre av småsøskena mine Bagasjen vart plassert i  lasterommet,  og me vart slusa inn i den store folkevogna, anten frammi, litt fleire enn lovleg var, eller om det var retteleg mange, sat me nokre  i  hagebenken i  lasterommet.  Det var slik folk gjorde det i dei dagar., og ingen skumla om sikkerhetsselar og farleg last. Hald deg fast, var parolen, og det gjorde me. 



Me søskena oppdaterte kvarandre på hendingane i veka, og fortalde laust og fast. Sigmund stoppa kanhende og snakka med nokon på vegen, og rygga når han møtte bilar.  Vegaskiftet i Blindtarmen var ikkje så avansert som i dag, men du kjørde innpå vegen mellom Leiknes og Hjelmås, og thats it. 

Hillesvågen hadde hus på begge sider av vegen, men ved sida av Myramarka var det grantre, og ikkje bygd. Så opna utsynet seg, og eg såg huset heime, med den vesle bensinstasjonen med pumper, det vesle servisehuset   og smørjebukken. Heime best! 


Skulle Sigmund vera på oppdrag, så leigde mor eit par gonger Reidar drosje, eller avtala med leilighetsskyss.  Me kom oss fram.  Så hadde vi ein laurdagskveld og sundag heime, og reiste søndagskvelden så ein nådde siste buss frå Kleivdal. .  Slik var liver den gongen ,  om du ville ta skular og kome deg fram i livet. 




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar