Tur til Fløyen


 

Ein skuletur til Bergen var ikkje kvardagskost.  I 4. klasse gjekk vi på fjellet, så dette må ha vore eit av åra etterpå. Me reiste med rutebåten til Bergen, og var fyrst på museum,

 Det mest minneverdige var likevel  at vi skulle ta turen  til Fløyen. Me skulle ta kabelbana frå Vetterlidsallmenning til toppen, 300  meter lenger opp i fjellsida.. Å ta Fløybanen  både opp og ned, var ei oppleving i seg sjølv, så det var høgdepunktet på denne skuleturen.



 Bana har ei bratt stigning , og siste stoppestad låg 320 meter over havet.  Læraren kjøpte billettar, og vi gjekk inn  i den raude vogna, og etter litt så lukka dørene seg. Me hadde sjølvsagt vald å stitja øverst i  vogna, slik at ein kunne få litt ekstra spenning. Banen forflytte seg oppover gjennom ein tunnell, og vi såg ikkje særleg mykje. Så kom vi ut i lyset, og vi såg litt av Bergen nedanfor,  Det var bratt å sjå ned, men bana stansa på første stoppen, som var Skansen. 



  Byfolk gjekk av, for mange budde her. Her låg brannstasjonen. Eg hadde før reist til Skansen, der me hadde slektningar, men no skulle eg altså heilt opp!



 Neste stopp var Fjellveien, der det også var mange fastbuande. Dei hadde ei fantastisk utsyn over Bergen by, og gjennom vindauga i vogna kunne me sjå enno meir av byen, Like ovafor der er det dobbelspor, slik at  bana på veg oppover kunne møte bana på veg ned. 



 Skansemyren er tredje stopp. Der låg Skansemyren idrettsplass, og fleire turstigar går derfra og opp til Fløyen. Det går nemleg ikkje bilveg opp til dette fjellet. Men for oss som sat i vogna, var det berre meir og meir utsyn over Bergen by. Så var det enno ein stopp, utan av og påstigning, fordi  nedadgåande bane stoppar på Skansen.  Folk gjekk av og på dei alle. stoppestadene, 



Vel opps stansa vogna, og me gjekk dei siste trappetrinna opp til sjølve Fløyen stasjon.  Eit mektig utsyn over byen og omegn opna seg, Langt der nede var fisketorget, med små fyrtyikkmenneske og leikebilar.  Me såg små båtar på Vågen og Strandkaien, me kunne sjå Puddefjorden med den nybygde brua som batt byen saman med Laksevåg langt borte. Lille Lungegårdsvann låg der nede, og Store Lungegårdsvann var der og.  Dei fotballinteresserte lokaliserte Brann stadion.

Ingen av oss hadde råd til å handle på kafeen. Det var for dyrt.  Heller ikkje hadde vi tid til å gå vidare innover fjellet. Me  måtte tilbake til byen, og rutebåten som skulle ta oss heim att til vesle Leiknestangen.  Me fekk den blå vogna nedatt, den som seinare var kalla Blåmann. Me kjøte ein is og eit prospektkort av Fløyen nede på Vetterlidsallmenning, og syntest me hadde hatt ein fantastisk dag! 





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar