
Denne vakre kyrkja var kyrkja i barndommen min. Den var bygd på 1600.talet, og hadde etter skikken då mange vakre bilete fra bibelhistoria til lærdom for alle som ikkje kunne lesa så godt. Ein gong på 1860. talet vart alle bileta måla over, men då kyrkja vart restaurert etter krigen fann ein fram til måleria på nytt. Ikkje alt var ferdig restaurert i mi tid, men me var litt kry av denne kyrkja som var annleis enn dei andre som stort sett var bygd på 1800-talet, og derfor mindre fargerike. Kyrkja var av lafta tømmer, og tjørebreidd på utsida. Den hadde også inngang på høgre langside. Det var bilete frå bibelhistoria over nesten heile kyrkja, det var skriftstader på takstolpane og rikt utsmykka stolar frå 16.hundretalet, og eit eige avlukke for klokkaren oppe i koret. Når det var messesundag reiste me av og til med kyrkjebåten til Hamre. Han kom fra Eikanger og Hjelmås, og hadde med nokre sjeler frå kvar plass. Gudstenesta var på nynorsk, ...