Korleis gjekk me kledd? Ja, det er nokså ulikt i dag, både stoff og kledeplagg.
Klesplagg har endra seg. og  materialar har endra seg. Ull, bomull og silke var mest brukti min barndom, sjøl om nylon eller nailon, som me sa, vart brukt til finare klede.


Vi hadde regnklede, sid regnfrakk og oftast gul sydvest. Når regnfrakken vart liten, vart det ei glipe mellom den og støvlane, og me vart våte på knærne. Ein god regnfrakk skulle vera lang, og halde seg på plass om det var sterk vind.
Det var ikkje oljebukse i min barndom, så vidt eg hugsar. Men vaksne gubbar hadde oljehyre.På  føtene hadde vi gummistøvlar.Viking mode,brun på farge..  Dei vaksne brukte paraply, sjeldan regnfrakk.
Langbukser var mykje brukt, men også mykje skjørt og kjole.  Langbuksene hadde damelukning i sida, for det var egentlig litt skam å ha guttelukking for ei jente.
Vi hadde strikkejakkar og gensarar av ull, heimestrikka sjølsagt. Ser du på gamle skulebilete fra 50.talet, så har alle heimestrikka kofter eller gensarar. Ingen fleece der i garden. Han var ikkje funne opp enno.



Når jentene kunne begynne å strikke på sine eigne genserar, var det eit teikn på at dei vaksnast til. Me diskuterte mønster og fargar, og strikka den siste moten. Genserane skulle ha fargar, og det same med strikkatrøyene. Når vi hadde brukt plagga ei stund, og dei var vaska nokre gonger, tova dei, og gjekk i arv til nestemann i barneflokken.



I min spede barndom hadde me heimestrikka sokkar og underliv med strikk, Der det var knappar på livet og på sokkane. Glipa som kunne oppstå mellom sokkane og  underbuksa var kald. Miste du ein knapp, var det katastrofe. Då vart du garantert kald. Etterkvart fekk nokre av kvinnene strikkemaskiner, og dei strikka heile strømpebukser av ull  til bruk  vinteren. Naboen, ho Helga Bjørsvik , hadde ei slik maskin, og strikka mang ei strømpebukse. Mor sydde plagga  saman sjøl.
No må det seiast at dei unevnelege hadde ein heilt anna fasong enn dagens tangatruser. Buksene gjekk ned over låret eit stykke, både for jenter og damer.

Vi brukte skjørt , selekjolar og kjolar,. Dei siste var helst til best. Matroskjolar, kvardagsbunad og bunad til aller best. Mor sydde ofte nye kjolar til oss til jul. Ho kjøpte stoff og mønster og sømma. Det var måling og tilpassing, og seine kveldar for henne som sat bak symaskina. Ho laga både vaffelsaum, puffermer, rynker og legg, så det var forsegjort. Kjolar og skjørt skulle ha lengde, og når du nærma deg vaksen alder, skulle skjørta gå godt nedom knærne. Det var eit teikn på at du var blitt vaksen.
Ein brukte underkjole eller underskjørt under kjolen, og det var skam om nokon såg gjennom kjoleskjørtet.
Om sumaren brukte vi tøysko, om hausten sko av lær og gummistøvlar. Beksaumsko og støvlettar nytta vi  om vinteren.  Inne hadde vi på hussko eller heimestrikka gråë  leistar.


Ute i bislaget stod tresko, hendige å stiga ned i når du skulle ut eit kort ærend. Dei vaksne karane hadde ofte kloggar. På skulen lærde me at me måtte ha hælar på skorne forat føtene skulle utvikle seg rett, og ryggen bli rak.
Vi hadde heimestrikka vottar, skjerf og huver.Når me kom i 11-12 årsalderen, strikka jentene slike plagg sjølve. Nokre hadde skinnhuver om vinteren.
Anorakk var uteklede,vår og haust, og elles brukte me  jakkar og kåper. Dei vaksne kvinnene hadde kåper til best, og nytta hatt med eller utan slør. Til kvardags brukte dei skaut. Mennene hadde frakk og  hatt til best, sixpence eller luve til kvardags, om dei hadde noko på hovudet. Som oftast var det kjeledress eller anna dongry til kvardags, bukse og jakke eller dress til fint.
Gutane hadde bukser, lange underbukser og lange sokkar om vinteren. Det var ein kunst å få underbuksa og sokkane på utan for mange krøllar.Dei brukte skjorter, og underskjorter om vinteren, med gensarar og strikketrøye over.


Skulle du på ski, brukte du strekkbukser. Dei hadde ein heilt annan fasong enn i dag,Biletet over er tilnærma, for buksene var vidare over hoftene. Dagens strekkbukser ville nok være uanstendige for 60 år sidan. Så var det gensar og anorakk utanpå.
Om natta hadde ein nattkjole, eller pyjamas.
Ja, det var sikkert meir å fortelje om kleda, men dette er det eg kom på i farten.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar