Det var ikkje så mykje leikesaker i min oppvekst, men me leika mykje både ute og inne.  I dag vil eg fortelje om nokre av inneleikane me kunne drive med, aleine eller saman med andre.


Vi samla glansbilder, hadde dei ein blekkboks og bytte. Eit verdifullt glans, som ein stor engel eller  eit utkrota bilete av eit brudepar eller eventyrfigurar, måtte du gjerne gi to eller tre vanlege for. Det står ikkje til å nekte at yngre søsken utan sans for kvalitet av og til bytte bort verdifulle glans for ein slikk og ingenting. Eg hadde ingen skrupler for å lure dei, men om andre narra dei, var eg solidarisk  med mine småsøsken. The law of the jungle.
 Elles limte me glans inn i glansbildebøker. Oftast brukte me kveitemjølslim . Det var  kveitemjøl og vatn i høveleg blanding, som du kunne ete opp restane av når du var ferdig. Vi brukte fyrstikker til å lime limet på baksida av glansa i mine heilt yngste dagar, seinare fekk me limtubar som me fekk bruke med varsemd. Eg hugsar enn da eg var omtrent 4 år, og mor hadde hjelpt meg å lime inn glans i glansbildeboka.  Den yngre syster mi var i rive sundt alderen, og hadde fenge tak i klenodiet mitt. Ho hadde rive ut mange av dei finaste bileta or boka mi, heilt eller delvis.
Landesorg! Eg var etter det mor fortel eit roleg barn i den tida, som lika å putla med mitt. Å få eit yngre åder som øydela det eg putla med, var ikkje alltid enkelt. Men etter nokre år hadde ho fått vett og forstand og gjekk  an å leika med, eller lat oss heller sei, fylgje mine instruksjonar i leiken.



Papirdokker kjøpte me i bokhandelen i byen. Dei var på store på store pappark. Det var ei eller to dokker på kvart ark, med  ulik alder og kjønn, men helst vakre damer. Me klypte dei ut, saman med kledesplagg til vinter og sumar, kvardag og fest. Kleda festa vi på dokkene med klaffar, og så var dei ferdige til å dra ut i verda.Nokre hadde og ulike  sko, hår og vesker som du festa på dokka. Vi hadde fleire dokker, og tok dei ofte med på besøk til venninner. Så leika vi rolleleikar der vi kledde av og på, let dokkene leike med kvarandre, gifte seg, passe ungar , bli usamde og einige att.  Far gjekk på arbeid, og mor passa ungane og huset. Slik var kjønnsrollane i min oppvekst.

Vi brukte malebøker med ferdige teikningar, og hadde fargestiftar for å legge kulør på dei ulike figurane.. Til jul fekk ein ofte fargeskrin, og sjøl om ikkje mor alltid likte sølet, så fekk vi avispapir under maleskrinet og teikneboka.


 Vi kunne liggja på golvet med desse sakene, men om yngre søsken ikkje skjøna kva vi dreiv med og ville blande seg inn, sat vi ved stuebordet.Vi henta vatn i ein kopp til å skylje penslane i,  og så mala me i maleboka. Her galdt det å ikkje bruka for mykje vatn, for då vart teikninga ruglete. Vi blanda fargar, og det var alltid moro å blande gul og blå, eller bruke kvitt eller svart til  brekke fargane med. Avispapirunderlaget var brukt til å prøve seg fram, så fargane vart fine, og hadde rett konsistens. når vatnet i koppen vart for mykje farge i, henta vi oss nytt vatn. Det hende at dei vaksne måtte dyppe penselen og reingjere fargane i maleskrinet etterat borna hadde hatt ein  arbeidssom regnversettermiddag.
Vi teikna også på frihånd. I byrjinga var det det brune innpakningspapiret rundt brødet me handla på butikken som vart brukt. Seinare vart papiret kvitt, og betre å teikne på. Me fekk etter kvart kladdebøker å teikne i, først av kladdepapir, seinare av fint kvitt papir. Men det å teikna på frihånd var ikkje så moro. Me likte nok malebøkene best, kor lite pedagogiske dei var. Men mor fekk ein del frihåndsteikningar  med  runde kroppar og sprikande bein, og syntes sjølsagt  dei var bra. Dei hang oppe på kjøkkenet ei lita stund, før dei forsvann, og ingen såg dei meir.


Mor var flink å teikna på frihånd, og me lika godt at ho tok seg tid å teikna med oss. Så mykje lærte me ikkje av det, men kunne teikna fine kattepusar i strekteikningar.  Talentet hennar var det nok andre enn meg som arva.

Når eg byrja på skulen , så leika vi skule. Læraren var sjølsagt eg, og eg held kustus, og gav mine yngre søsken opplæring både i lesing og skriving, song, bibelhistorie og oppførsel.  Den yngste var ikkje særleg lærenem med sine to år, det kom seinare, men den eldste snappa opp eit og anna, og så vidt eg hugsar tok ho både lesing og tal lettare enn eg då ho byrja på skulen.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar