Fjorden var riksvegen  då eg vaks opp.. Rett nok hadde vi nokre  bilar i bygda, men grusvegane var smale, og  rett som det var kom fjordane i vegen.  Ferjer gjekk absolutt  ikkje alle stader, bruer kunne ikkje leggjast i store spenn som i våre dagar, så fjorden var vegen du reiste på når du skulle til byen, til kommunesenteret , til kyrkja, eler anten du skulle på møte eller dans. Mange fann seg ein make på andre sida av fjorden, og den eine eller anrde flytte sørom eller nordom.  Dei fleste hadde robåt og kunne ro, og det å ta seg ein tur tvers over fjorden tok ikkje lang stund ein godversdag. På grunn av båtbruken var det og sjølsagt at  ungane lærde seg å symja, så dei kunne koma til lands i eit knipetak.


Eg budde eit stykke inni Osterfjorden, med Osterøya på andre sida av vassflata. Osterøy er den 14 største øya i Noreg, og var i mi tid delt inn i 4 kommunar. Osterfjorden  fortsette vidare innover til Mo, medan fjorden på andre sida av øya heitte Sørfjorden.
Vi høyrde til Hamre kommune, med kyrkje fra 1600-talet på andre sida av fjorden, og så vidt eg hugsar, kommuneadministrasjon på Hamre. Jordmor og doktor budde på sørsida, og måtte i båt for kome nordom. Dei hadde i mi tid kontordagar på nordsida, men måtte sendast bod på om noko var akutt. Telefonen stengde klokka sju, men damene på telegrafen hadde sovande vakt, så du kunne ringje om det var noko som var livsviktig.
 Då eg var fødd, var det tre fødslar på Leiknes på to dagar, så då gjekk jordmora frå det eine til det h andre huset . Eg var fødd først av dei tre, og var kry av det!
Det meste av kontakta med kommuneadministrasjonen foregjekk pr. brev, eller ein kunne telefonere. Kommunestyret hadde også nokre av møta sine på nordsida av fjorden, i Bårdstua  i Eikangervåg. Var det noko viktig, kunne folk møte opp og høyre på debattane.
Vi på nordsida av fjorden meinte at sørsida vart forfordelt med godar, og eg høyrde rett som det var når far og naboane diskuterte kommunepolitikk, at dei nemde dette.


Til konfirmasjon gjekk dampen, men elles var det  skøyter eller motorbåtar folk brukte når dei skulle til kyrkje.  Kyrkjeskyss heitte det. Han kom tidleg til Hamre, og la til ved kyrkjebryggja. Du hadde tid til å slå av ein prat, eller sjå om  før gudstenesta byrja. Etter gudstenesta var det også tid til ein prat, eller sjå om andre graver.



 Konfirmasjonsførebuinga foregjekk i kyrkja om våren og sommaren, og då fylgde du rutebåt eller kyrkjeskyss. I foreldre mine  si tid rodde ein til Hamre når veret var fint.


Gravferdene starta i mi tid i bedehuset, og så vart kista køyrt til kaien på Leiknestangen, og teke ombord i ei skøyte. Gravferdsfylgjet var med, og så  drog ein over fjorden til prestebryggja. Så vidt eg hugsar var det gravferd i kyrkja, før kista vart fira i grava. Båten og gravferdsfylgjet returnerte, og det var som regel minnestund i bedehuset.
Borna vart som regel døypte når det var gudsteneste i bedehuset på Midtgård, men det hende framleis at nokre ville ha dåp ved hovedkyrkja, særleg i samband med konfirmasjon eller bryllaup.
Dei fleste vigslane var ved Hamrekyrkja.
Presten budde i prestegarden på Hamre, men  hadde kontortid på Eikanger?, og besøkte elles folk som var einsomme, eldre eller hadde mist ein av sine kjære. Han hadde sykkelen med, og sykla på desse turane.  Det vart nok lange, og av og til våte dagar. Presten var innom oss og sat ved kjøkenbordet fleire gonger etter at far var gått bort.
I dag  tek  turen til Bergen ein halv time. Skal ein til Hamre, må ein  rekne dagen.  Tida endrar seg, og kommunikasjonane med ho.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar