Denne vakre kyrkja var kyrkja i barndommen min. Den var bygd på 1600.talet, og hadde etter skikken då mange vakre bilete fra bibelhistoria til lærdom for alle som ikkje kunne lesa så godt. Ein gong på 1860. talet vart alle bileta måla over, men då kyrkja vart restaurert etter krigen fann ein fram til måleria på nytt. Ikkje alt var ferdig restaurert i mi tid, men me var litt kry av denne kyrkja som var annleis enn dei andre som stort sett var bygd på 1800-talet, og derfor mindre fargerike.
Kyrkja var av lafta tømmer, og tjørebreidd på utsida. Den hadde også inngang på høgre langside.

Det var bilete frå bibelhistoria over nesten heile kyrkja, det var skriftstader på takstolpane  og rikt utsmykka stolar frå 16.hundretalet, og  eit eige avlukke  for klokkaren oppe i koret.





Når det var messesundag reiste me av og til  med kyrkjebåten til Hamre. Han kom fra Eikanger og Hjelmås, og hadde med nokre sjeler frå kvar plass. 
Gudstenesta var på nynorsk, og samenummera hang på veggen. Ofte ofra vi når vi gjekk å gå rundt altaret og la pengane der, og da kunne vi nikka til kjende ettersom vi gjekk rundt .
 Presten leste preiketeksten og stod og  tala frå ein rikt utsmykka preikestol som hang på veggen. Det verka høgtideleg, også når han lyste velsigninga  derifrå.


Konfirmantførebuinga var på Hamre. Me tok båten til Hamre kai, og gjekk til kyrkja. Etter undervisninga kom kyrkjebåten og henta oss.
Vi var så mange lesarungar  at me halde førebuiinga i kyrkja. Me sat på dei fremste benkene, jentene til venstre og gutane.til høgre. Kvar fredag frå våren, og utover sumaren  møttes me,
og så vart me konfirmerte om hausten. Katekisme, salmar og bibelhistorie vart gjennomgått og repetert, og Vaksdal  syrgde nok for at det me vart høyrde i siste fredagen før konfirmasjonsdagen og kunne, det vart me høyrt i under overhøyringa. Eg hugsar at eg vart høyrt i forklaringa til 2. artikkel, og fekk 2. artikkel under eksamineringa. 
Vi fekk gå opp i tårnet ein gong under sommaren, synest eg å hugsa. Eg hugsar vel mest av turen opp i tårnet gjennom skumle trappetrinn.
Det var gutar og jenter frå heile kommunen under førebuingane, og vi vart kjende med folk frå Valestrand, Tepstad og Nepstad, for berre å nemne nokre stader.
Sjølve dagen var lang. Tidleg opp, bunad ,reise, kappar, marsj inn i kyrkja, overhøyring og gudsteneste med dåp. Alt tok tid, men så var vi vaksne, i namnet i alle fall!

Etter kvart fekk me interimskyrkjer på nordsida, og der vart Midtgård bedehus staden det var gudsteneste hjå oss. Den vart vigsla på 50-talet, så vidt eg hugsar. Med alterring, salmenummer på veggen, orgel og lokal organist, døypefont, altar og preikestol. Det var gudsteneste det og, og ofte gjekk vi dit. Dei fleste ungane vart døypt der.
 Men  det var noko eige med gudstenestene på Hamre, i den aldrande, tjørebreidde kyrkja med alle bibelmåleria, skriftorda og den vakre altartavla.  Gud var så stor og fargerik i denne kyrkja, sjøl om innhaldet i gudstenesta var det same på Hamre og på Midtgård..

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar