Det var skuletur for 6.og 7. klasse ved Leiknes skule. MS Bruvik  frå Indre Norhordland Damskipsselskap, ( INDL) la frå kai, og 10 forventningsfulle elevar skulle ut på ei dagslang reise, heilt til Mo, oppgjennom dalen og tilbake til utgangspunktet.
Båten ringde med klokka, bakka ut frå kaien, og ferda var igang.
Billettøren kom med pengeveska på magen, og læraren betalte med innsamla midlar. Vi fann oss plassar, nokre oppe og nokre nede, og dei mest forvitne og urolege sjelene stod ute då me gjekk inn gjennom fjorden. Oppe på andre dekk var det panoramautsyn over fjorden, og etterkvart som  det vart mindre passasjerer hadde vi base der.
Eg såg opp til huset vårt på Flossvik då båten gjekk innover mot Hjelmås, og vidare til Eikangervåg. Alle stader vat det same prosedyre, med fløyte på båten, trosse til dampskipsekspeditøren, landgangen vart lagt ut, og folk som gjekk av og på. Kvinner med skaut og hatt, menn med  ryggsekk eller koffert. Mjølkespann vart heiste på land, og nye spann låra ombord.




 Postmannen kom med sine strisekkjer med raude, blå og kvite striper på, leverte post, og fekk nye sekker med på land. Postlugaren var framme i båten, og hadde så vidt eg hugsar eigen ekspeditør. Du kunne sende brev på båten og, i dei dagar.
Kapteinen slo med pendelen, landgangen vart teken, trossa losna og båten bakka ut.
Frå Eikangervåg gjekk me sørom fjorden, og la til ved Hosanger med ei vakker kyrkje ved innlaupet til  staden, og Fotlandsvåg, før me igjen kryssa fjorden og la til ved Ostereidet,  med det vesle Askvik kapell, drog vidare til Bjørsvik, som på den tid hadde ein blomstrande hermetikkfabrikk som leverte langs heile kysten.
Dei hadde eigne båtar som reiste i fraktefart med varer. Onkel Kåre reiste med "Nornen" lasta med hermetikk  til heile Vestlandet.
På slutten av 50.tallet hadde dei ca. 100 menneske i arbeid, mest kvinner. Bruvik lasta og lossa mykje i Bjørsvik denne dagen, så det var tid til å gå på land og besøkje  den lokale butikken.


Fra Bjørsvik drog vi vidare til den veglause grenda Molvik, som var avhengig av ferdsel på sjøen. for kontakt med omverda . I tillegg til at båten gjekk innom, var det  ferje  nokre gonger for dagen på strekningen Tyssebotn  - Molvik - Vikanes .. Ho la da til Molvik kai, og om en skulle ha med seg bil, så kjørte en over på trelemmer.. Det milde klimaet  og sørvendt plassering gjorde at dei dyrka mykje frukt i bygda.
Utanfor Molvik er fjorden djup. Her vart det senka mykje tysk ammunisjon like etter krigen. Dei fortel at ein gong fjordabåten gjekk over, sprengde det  nede i djupet, og båten letta. Men me merka ikkje noko slikt då me for.
Ferda gjekk vidare innover fjorden. Det var regn og blåst, og me fordreiv tida med gnav, lesing, spørjekonkurranser og oppdagingsferder på båten.
Gå på do var ei greie,  for på denne båten var det do både oppe og nede, og me kunne gå frå øvre dekket til nedere både inne i båten og ute..Båten hadde kiosk, med trise som selde kaffi, brus, påsmurde skiver og gotteri.
Me hadde pakka ransel med brus, kjeks og niste, men litt snop vatt det pengar til. 25 øres Rigelsjokoladar og 5 øres karameller var det vanlegaste.


Ferda gjekk vidare forbi Padøya, og hugsar eg riktig, så kom dei båt og borda Bruvik for å få post, levere og ta imot ferdafolk.
Det seier seg sjøl at på ei slik ferd kunne det bli forseinkingar. Det vart det denne dagen. Allereide før  Mostraum var det klart at vi var seine..


Mostraumen er ein om lag 600 meter lang og smal kanal gjennom garden Bøen mellom Mofjorden og Romarheimsfjorden og er 50-60 meter på det smalaste. og her måtte vi liggja litt og vente, fordi passasjen var så smal at to båtar ikkje kunne gå i breidd, særleg ikkje på fjøre sjø. Spanande og eksotisk var det då Bruvik brukte fløyta, og kaptieinen sakte og sikkert manøvrerte Bruvik gjennom Straumen og innover mot Mo.
Vi var to timar for seine til endepunktet for reisa, og bussturen oppover Modalen vart det ikkje noko av. Ikkje eingong å gå til kyrkja vart det tid til.


 Vi tok ein runde på kaia, besøkte den lokale butikken, og i frykt for å bli akterutseilt  på denne utposten i verda, var vi ombord i god tid før den annonserte halvtimen opphaldet ville vare, og inntok utkiksposten på øvre dekk.
Bruvik kom utan komplikasjonar gjennom Mostraumen, og så kryssa ho fjorden fram og tilbake , tok på og sette av ferdafolk, heiste varer ombord og på land, fløytte i pipa og ringde med klokka, til vi trøytte og mette på opplevingar, takka for turen og gjekk i land på Leiknestangen.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar