Han var tredjemann i barneflokken hans bestefar på Hjelmås.
Under krigen  budde han  i 2. etasje hjå bestefar saman med kona si.. Han dreiv med  illegalt arbeid siste del av krigen,  med våpensmugling, og måtte gå i dekning etterat tyskarane hadde ein razzia ute  Øygarden. Først låg han  i ei koje i Eikangermarka, før han drog nordover, og  innover til Matrefjella, og slutta seg til Bjørn West. Kona hans hadde fødd ei jente i desember 1944,  og vart åleine med ansvaret for ei nyfødt dotter, men ho hadde nok  i ein del hjelp frå storfamilien ho var ein del av. Ingebjrn var blant dei som kom utover med Hosanger 1 frigjeringsddagen, og tok del i vakthaldet våren  1945.
Han starta opp med fiskematproduksjon på garden til broren i Eikangervåg, og brørne selde på dørene heime på Hjelmås, og til butikkane på Kløve og i Eikangervåg.

Så bygde  han  hus, og busette seg ved den vesle elva som rann ut frå Eikangervatnet. Kona hans, ho Ingeborg, døydde tidleg, og han fekk ho Magda som hushjelp,  og han  gifte seg med henne i 1953.
Han tok til å køyre fiskerute i 1950 og reiste i søre Lindås, i Seim  og mesteparten av nordsida på Hamre. Utvalet av fisk vart etterkvart  stort, og folk kjøpte.  Saman med kona si, Magda;bygde han ut. Ho laga  både kaker og pudding. Det var lite tilsetningsstoff, men fisk, mjølk, egg og litt mjøl. Sunne og gode på smak. Eit lite røykeri fekk han til i 1955, og røykte torsk, og makrel og kveite, som og vart seld på fiskebilane.

Då det vart aktuelt å fryse matvarer, investerte han i eit fryseri, som kom opp i 1957-1958.Han bygde då fryseri i eine enden og garasje i andre enden av nybygget. I tillegg til å fryse sin eigen fisk, hadde han frysehyller der folk kunne levere inn   kjøt og bær til frysing, og kome og hente når dei trong.
På fiskebilane selde han etterkvart frukt, grønsaker og poteter, slik at folk fekk det dei trong til middagen.
Nokre år seinare tok han og til med landhandel, og selde daglegvarer over disk, og han køyrde  fredagskveldane lange ruter med fiskebilen der han leverte ut  varer som kundane hadde bestellt.. Vi ringte inn, og han fann fram varene og køyrde ut. Då kunne vi og få med frysevarer, som kotelettar, steik og frosne bær, om me gav beskjed om det.
All handel, både på bil og utkøyring av varer vart betalt kontant, men det hende jo at folk borga, og betalte neste gong.
Eg har gode minne frå besøk hjå onkel Ingebjørn og tante Magda. Berit , søskenbarnet mitt, var to år eldre, og eg var med far på arbeid, og leika meg der, eller eg var på overnattingsbesøk. Dei vaksne var tidleg oppe, og me ungane fann oss mat og vaska opp. Me var ute og leika, og gjekk i Vågen, der det var fleire butikkar og bakeri. Ofte var me innom alle, og bruka kronestykket vi hadde tigga hos far på karameller. kandis og sukkertøy, som me fekk i kvite kremmerhusposar av papir. Me utforska bekken, og gjekk opp på nabogarden der onkel Eivind og tante Astrid budde. Dei hadde tre døtre rundt min alder, og me leika der, ute og inne.

Vi fekk av og til vere med å ekspedere på butikken, og lage til varer i kassar til utkjøringa. Han hadde reknemaskin, og det var svært spanande å få slå inn summane på ho.  Men tante Magda gjekk alltid over, både bestillingskassane og rekningane, og såg at alt stemde. Det skulle vera nøyaktig!
Det var som regel onkel som køyrde ut varene. Han bar dei inn, sette dei pa kjøkenbenken, og hadde tid til ein prat med mor, og kanhende ein kopp kaffi. Det var vel på den måten han overlevde dei lange dagane, at han hadde tid til å slå av ein prat. Mor vart enkje på den tida, og ho sette stor pris på samtalane med brørne hans far. I den tida var nok slektsbanda sterkare enn no.
Onkel sleit mykje med gikta dei siste åra av livet sitt. Kulde, slit og  strabasane under krigen, hardt arbeid, og ikkje minst eit hus ved elvekanten gjorde vel sitt til at revmatismen slo ut.I den tida arbeidde ein likevel, om ein hadde giktplager. I den siste tida fekk han kols, og sat i rullestol.
Me treivst hjå onkel og tante, og det var koseleg å koma dit på besøk..
Noko av dette har eg henta frå bloggen til
og frå youtubeintervju  Arne Høyland hadde med Magda Hagesæter
https://www.youtube.com/watch?v=4xIvUxiUKY8
Eg har og henta to bilete som kjem frå same bloggen.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar