På nesten attgrodde vegar - Hodnesdal - Soddalskaret.



Heilt sidan eg høyrde at far min hadde køyrt bil til Leiknes over Soddalskaret, har eg hatt hug til å gå vegen.  Gunnar, onkelen min fortalde om turen i eit brev på Messenger:"Men det var etter som eg hugsar ein liten Bedford. Åsmund kjøyrde og to andre var med, ein av brørne mine og så Alf (svingen) Fyllingen. Eg var 4 år og hadde mast meg til å vera med (til bry), men Åsmund og Alfen likte ungar og det gjorde det mesto meir morosamt å masa seg med. Dei brukte både stokkar til våg stein til underbygging og vågemat og fram kom dei. Heimat kjøyrde me ikkje fordi bilen skulle brukast på Leiknes nokre dagar. om dette hende meir en ein gong veit eg ikkje".
Ikkje fullt så strøken, trur eg

Det har og blitt meg fortalt at ein gutunge ropte til ein annan: - Du må komma og sjå! Han Åsmund har kome med lastebil til bygda! Det var nok den første, og vel verdt å sjå på,  for brua kom som sagt ikkje før i 1949, så nokon annan lastebil hadde det nok ikkje vore i Dalebygden før.
Men turen hadde nok vore strabasiøs, og det freista ikkje å ta bilen utatt same vegen. Etter det eg har høyrt, fekk far ei skøyte til å ta bilen attende til Hjelmås, etterat dei hadde buksert han ombord med noko strev.


Men nå skulle eg gå vegen, over 70 år etter far min køyrde han.  Etter det eg hadde høyrt, var eg innstilt på å vasse i underskog og brøyte meg veg under forvaksne greiner. Me starta fra Hodnesdal, for det var lettare å gå nedoverbakke i varmen. Eit par kyr visste interesse for oss då me kom over første gjerdet, og ettersom ingen av oss lika slike store ubestemmelege dyr, forta me oss gjennom neste le.

Vegen var godt synleg, og tydeleg kjerreveg. Nokre traktorspor viste, så han var nok i bruk. Snudde me oss, kunne me sjå ned mot Hillesvåg og fjorden utanfor, så me hadde ætta.

Eine syster mi var vegvisar, for ho hadde gått der før, den andre systra mi var med av historisk interesse, mannen min likar slike turar, og svogeren min køyrde bilen til Soddalsskaret, og skulle gå oss i møte frå hin kanten.

Vegen bar forbi endå eit le, og nedover lia. Men det var ingen overgrodd stig me gjekk på! Du kunne tydeleg sjå vegen, og dei forsegjorde hellene som var lagt i utkanten av vegen for å stø opp kanten. Fint og varig handverk, der steinane ikkje hadde glidd ut. Eit par stader var det stor stein i vegen, og eg høyrde nesten stemma til onkel Gunnar når han sa: - Dei  la under bilen... Eg kunne tydeleg sjå karane før meg der dei maksla med bilen, og prøvde å få han over steinane, og eg syntest eg  kunne kjenna gleda og forventninga: Dette skulle dei klare!

Vegen bar nedover, og vi såg Sætre i det fjerne. Ei påminning om kor korte avstandane eigentleg er når ein går skogsvegen. Vi gjekk over ei lita slette, og så, då me kom inn i skogen, såg me ruinane av husmannsplassen og seinare plassen  Soddalen, plassert oppe på ein haug, i ly for vind og ver. No var han vakse til  med older, og berre  steinmurane stod att. Men  ein kunne sjå at det hadde vore mark der, nok til litt slått til  nokre få beist. Men busitjarane flytte frå rundt 1900, og  viser at dei  hadde små kår, og folk såg seg difor om etter betre stader å leve.

Svogeren min kom gjennom leet, og me var nesten nede. Ei bratt lita brekke, og me var nede på vegen til Sjauset. 15- 20 minuttar, med litt stopp og prat, det var tida turen tok.

Mannen min seier at han kan enno ikkje skjøna korleis dei greidde å få ein bakhjulsdriven bil den vegen. Men dei var vane med båtmotorar, motorsyklar og bilar frå ung alder, og såg nok på turen som ei utfordring. Dessutan trong han bilen på Leiknes!  Eg veit at ein Pitterunge gav seg ikkje så lett! På utkikk etter løysingar og mogelegheiter finn ein ofte ei opning! Moro å slekta frå slike! Moro med tur og fantasifull mimring! Takk for turen!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar