Lindås interkommunale realskule avdeling Alversund



Gamle bilder frå Nordhordland sitt bilete.
                                (Biletet er frå 1970, og teke frå " Gamle bilete i Nordhordland")

Vi sat og sveitta i ein stor gymnastikksal nede i Alversund. Det var opptaksprøve på Nordhordland interkommunale realskule, og eg sat saman med eit hundretals andre og gjorde mitt beste for å klare oppgåvene. Den eine dagen skreiv vi stil i 5 timar, den neste rekna vi i like mange timar, og den siste dagen svara  me på kunnskapssprsmål frå historie, landkunne ( geografi) naturfag og kanhende ennp fleire område. Det var høgtideleg opptaksprøve, med eksamensvakter og eksamensreglar.
Så reiste vi heimatt, og fekk vita resultatet etter ein månads tid. Eg og ein til frå bygda kom inn, han på Lundås og eg i Alversund. Me var litt krye, for dei fleste som vart tekne opp hadde gått framhaldsskule først, medan me kom inn rett frå folkeskulen.

Mor hadde nemleg ikkje fått fullført utdanninga si, fordi ho måtte heim att då yngste onkelen min kom til, for ho trongs til å hjelpa til heime. Det var krig, og alle måtte hjelpe til. Då ho fekk døtre sjølv, var ho fullt bestemt på at dei skulle få utdanning, og stort sett fekk me den utdanninga me yngste alle saman. Ho var enkje då eg tok til på realskulen, så det var nok eit tungt økonomisk løft å spandere skule på eldstejenta.Ho hadde fem ungar til, så sjøl om ho dreiv vidare entrepenørverksemda til far, så var det tunge tak

Men for megvar det å gjera seg klar til den store dagen. Dette var i byrjinga av 60-talet, og mor hadde høyrt mange historiar om korleis det var med ungdom som flytta på hybel og ikkje fekk i seg nok og riktig kost.. Det var fleire historiar om dei som hadde kome heimatt underærnærte, fordi dei hadde livnært seg på langebrød og sirup, og brukt dei sårt tilmålte pengane på klede og fjas. 
Ho tik difor kontakt med Rognaldsen pensjonat i Alverstraumen, og tinga opphald for meg i vekene, med full kost, frukost, matpakke, middag og kvelds. I tillegg til skulepengar var det ei stor økonomisk bør.
Det var en elev til som budde på gjestgjeveriet, ei jente frå Luro eller Lygra, som øya offisielt heitte. Der hadde dei den tida heller ikkje  fastlandsforbindelse. Elles var det mest agentar av ulike slag som budde der nokre dagar, medan dei tråla Radøy rundt med varene sine.

Brua over straumen hadde nett kome, så me gjekk fram og attende  dei 2- 3 kilometrane til skulen kvar dag. Føtene var til for å brukast den gongen.

Jenta frå Lygra var året eldre enn eg, og meir vaksen. Ho hadde kjærast, og prøvde å dra meg med ut til dei andre ungdommane. Men eg likte meg ikkje. Eg var nok for ung for kjærastlivet.

  Ei helg var eg på besøk på Lygra. Det regna og bles, og me måtte ta ferje for å kome dit.  Det var eit stykke å gå, og me var gjennomblaute før me kom i hus. Øya var litt meir forblåst enn eg var van med, og det vaks færre tre enn heime.

 Sundagen var veret betre, og me gjekk tur på den foblåste og verharde plassen.

Elles reiste  me stort sett heim i helgane. Det var skule laurdag, og når han var slutt, var det  rutebil til Isdalstø, skifte av bil til Kleivdal, og der stoppa BNR sitt rutenett, og INDL tok over.

 Men det var ingen buss til Leiknes  frå Kleivdal  då eg kom, for INDL satsa på sjøvegen og ikkje landevegen på den tida.

 Av og til gjekk eg, og det var vel i underkant av ei mil, stundom leigde mor Reidarn ( folkevognsdrosjen), det hende Alf ( Svingen) som arbeidde for mor kom og henta meg. På våren dukka det opp ein kvit Thames. Då hadde mor teke til å "date" Sigmund, og han stillte sjølsagt  opp for å hente dotter hennar. Det var ein del av det nye livet til ungkaren  å hjelpe mor med ungane hennar. 

 Eg treivst ikkje så godt med å flytte heimanfrå. Skulen og skulearbeidet gjekk greit, men det å bu borte, ete alle måltid i spisesal og forhalde seg til framande heile tida var ein stor overgang. . Eg var 14 år, og det var uvant å bu borte, og ofte tok eg til tårene sundagskvelden når eg skulle reise attende til Alverstraumen. Eg sakna nok familien min, å vere heime og vere ein del av ein søskenflokk.
 Å slutte på skulen var aldri aktuelt. Hadde du byrja på noko, fekk du halde ut. Det var den harde lova i livet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar