2.året på realskulen gjekk eg på Lindås


Eg likte altså ikkje så godt å bu heimanfrå som 14-åring. Ho mor sette seg i sving, og snart hadde mødrene ordna skuleskyss til Lindås, og dermed flytte eg året etter over til Nordhordland interkommunale realskule avdeling Lindås. Det var nokre frå Hjelmås og Leiknes som hadde gått førsteåret der, og som no flytta heim att og budde heime, og nokre byrja i første klasse.
Så no gjekk me i Blindtarmen, der Folkevognsdrosjen til Reidar Kålås stod klar, og han køyrde oss om Vaet medan han på vegen tok opp fleire elevar, før han sleppte oss av på Fammestad. Der stod ein skulebuss frå BNR, som køyrde resten av vegen om Myking, Vågseidet, gjennom gamletunnellen  og til Lindås. På vegen tok han opp elevar, så bussen var nesten full då me kom fram.
Skulebygget var ikkje så stort, men romma første og andre klasse realskuleelevar, og hadde klasserom og spesialrom til handarbeid, sløyd, gymnastikk og song. Det var lite uteplass når det regna, men ut skulle me, så ein del av tida vart nok tilbrakt på doen når regnskurene var som verst.
Ei anna forestilling "Den stundesløse"

Rektor Bjerkøe hadde øvd inn eit  Holbergstykke med elevane første året. Eg trur det var "Den stundesløse", og dette hadde premiere på vinteren. Det vart spela både i gymsalen på Lindås og fleire stader i kommunen, og folk kom og såg. Sidan eg ikkje hadde vore med på øvingane våren før, var eg påklederske og sufflør. Men dei fleste klarte greitt å kle på seg sjøl, så noko stort arbeid var det ikkje.
Året var stridt, for skulevegen var lang, og eg har vel aldri hatt høgare sjukefråvær enn det året. Men eg fekk bu heime, og fekk ta del i dagleglivet, vere saman med mor, stefar og søsken, og det var så mykje betre enn året før.

Rekning hadde aldri vore noko problem på folkeskulen, og eg var ærekjær når det galdt skuleresultat. Eg ville vera flink, og ha gode karakterar. Men i matematikk som det no heitte, starta eg med Måteleg, og det var strykkarakter. Eg gret mine modige tårer, og for første gong ville eg slutte på skulen.
Men mor mi var klar:- Du får setja deg ned og rekna. Eg skal hjelpa deg med det eg kan, og så får du arbeide sjøl med resten!  Så svelgde eg gråten, og rekna i veg, både lekse og meir til. For det er sant som det er sagt: - Matte kan ein ikkje lese seg til. Der må ein rekne oppgåver. Arbeidet gav frukter. Då våren kom, og eg fekk avsluttande karakterar hadde eg ein god karakter i matte og.
Skulen var elles mykje pugging. Du pugga pensum. Tysk var å lære seg gramatikk, og då kunne du språket. Her hadde eg svært godt grunnlag frå folkeskulen, for Midtgård var dyktig å lære frå seg språkreglar, og me hadde pugga mangt eit salmevers.

Skulevegen var som sagt lang, og me elevane var ikkje så vakne og opplagte på veg til skulen, i alle høve ikkje første del av vegen. Det hende rett som det var at drosjen måtte vente fordi ein eller annan var ute i siste liten. Foreldra var reist på arbeid, og det var ikkje alltid lett å kome seg opp.
Heimover var det meir spilloppar, og det er ikkje til å skjule under ein stol at nokre av dei gutane som kom på mest pretter køyrde drosja vår. 

 Det kribla vel i både armar og føter etter ein lang dag med stillesitjing, tenkjer eg. Ein dag hadde dei vore spesielt ertekrokar, og eg og ei venninne svor hemn. Vi fann ei flaske Channel 4711 heime, og då me dagen etter kom i drosja på veg heim att, spruta vi på gutlarvane så mykje vi orka, men så vart vi overmanna, og resten av parfymen vart vi sjølve dynka med. Det er første og einaste gongen at Reidar sjåfør truga oss med at me måtte gå heim att. Drosjen lukta også parfyme i fleire dagar etterpå
Faga var mange og femde vidt. Men me greidde eksamen, og var klar for den neste delen av klassereisa: gymnaset.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar