Bruken av vegen over Soddalskaret, etter som eg har høyrt.



Vegen frå Hodnesdal over Soddalsskaret var i gamle dagar kontaktpunktet med omverda, om ein tok landvegen.. Då kom ein over til Prestvegen,som gjekk frå Naustdalen i Hillesvåg til Seim, ettersom Seim sokn høyrde til Hosanger prestegjeld. Korleis tankegangen var med det makabytet, veit eg ikkje, men det må ha noko med at det var lett å reise med båten over fjorden. Vegen over Soddalskaret er nemndi samband med jordskiftet på Leiknes i 1876. I 1884 vart det nemnd som nytt anlegg,  og det var ferdig i 1908.

Ho mor fortalde at under krigen trengte ho  nye ski.Det var ingen ting å få tak i på Leiknes, og bestefar som arbeidde i byen, som forskalingssnikkar, fekk heller ikkje tak i noko. Det var rasjonering på alt. Dei hadde likevel høyrt at på Seim selde handelsmannen ski. Så mor og systra hennar, ho Ingrid, tok ut. Ho mor var vel 17 år, Ingrid to år yngre. Dei gjekk opp i Hodnesdalen, tok over Soddalsskaret og til Sjauset, der dei tok pause hjå nokre slektningar. Eg trur det må vere på bruk nr.5,  hjå dei som budde der det var nesten loddrett utfor og ned på storvegen,  for gammelkona derifrå var frå Kopperdalen på Seim, der bestemor frå  Mundal hadde slekt. Eg reknar med at dei fekk kaffierstatning og noko å bita i, som potetkake. Så gjekk turen vidare over Kleivdal, gjennom Furebergtunellen og fram til handelsmannen. Han  hadde ski.Det var stor glede over dette, og dei bar skiene med seg på heimattvegen.  Dei gjekk tilbake same ferda, og var sikkert innom på Sjauset på heimvegen og. Det var i alle høve kveld og stjerneklårt då dei kom heim att. Den tida var sjølsagt at ein gjekk, og at ting tok tid. men med bil gjer ein same turen  unna på 20 minuttar

.Vegen over Soddalskaret gjekk vel litt i gløymeboka etterat brua over Vågen kom. Det var lettare å reise over brua,  Skulle du til Bergen, og kyrde bil, måtte du allikevel reise om Sjauset, og då passerte du Soddalskaret, utan at me ungane reflekterte over det. Ingen fortalte oss noko. Det var forgangen tid.
Men  ungdomsskulelevar frå Hodnesdal og Øvstegard brukte vegen, og kom på bussen på Soddalsskaret, fortel dei som var jamaldringar. Vegen vart kortare  på den måten, så dei slapp vera så tidleg ute, og kom fortare heim om ettermiddagen. Ungdommar vel stutte vegen, no som då.
Einar Børtveit fortalde at han brukte vegen då han gjekk med avisene. Om han sykla eller gjekk, har eg ikkje heilt klart før meg. Men vegen er syklande den dag i dag. Det var raskaste måten å kome frå Hillesvåg til  Hodnesdalen. . Så nokre har visst om vegen, og bruka han.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar