Onkel Bjarne, ein roleg og trufast kar



Det er ikkje alle onklane mine eg hugsar like godt, og veit like mykje om. Derfor skriv eg ikkje om alle, men om dei eg  hugsar best.
Han onkel Bjarne var den yngste i første kullet av bestefar sine barn. Han var 5-6 år då dei flytte frå Eikanger, og vel eit år eldre då dei flytte inn i nyhuset på Hjelmås. Han og Erling dreia bollar og fat under krigen, rosemalte dei, og selde dei i byen for å tene nokre kroner. Han var og med i Bjørn Weststyrkane siste del av krigen, saman med bror sin, Ingebjørn, og kom saman med dei andre heimevernskarane nedatt frå fjellet og ut Osterfjorden med Hosanger 1   8. mai 1945.

Han malte hus både under og etter krigen, og så vidt eg veit, tok han eit kurs på Statens Industriskule i Ytre Arna, men eg er ikkje sikker på det.  Han var flink til å måla, og eg veit at fleire av brørne hans hadde eit motiv med redningsbøye, redningsskute og teksten: " I storm og uvær er Gud din redder". Det var måla på huntonitt, eg held på å seie : fattigdomslerret, som var mykje brukt i dei dagar, og bileta var fint ramma inn.
Onkel gifte seg med ei frå Leiknes, som fleire av brørne, og busette seg i Treet, på Nedre Mundal. Der budde svigermor hans, som var enkje. Dei heitte Hagewick til etternamn, eit minne om at familien hadde budd i Amerika i nokre år da borna var små. Der var det fin utsikt over fjorden
i andre etasje der dei budde.
Onkel Bjarne og tante Mally fekk seg seinare tomt i utkanten av heimegarden, og bygde hus der. Tomta var forholdsvis stor, og eg trur ho rakk heilt til sjøen. Det var spanande å kome dit, for på vegen ned til sjøen vaks det gule bringebær og eg trur og bjørnebær, som var eksotiske vekstar som smaka annsleis enn andre bringebær. Det var moro å plukke dei, og ete dei.
Eg trur dei hadde naustrett ved fjorden, men det var ikkje fint å bada for ungar der, etter det eg hugsar.
Onkel hadde som dei fleste i den tida potetåker og grønnsakhage, og dei sette bær og nokre frukttre på tomta. Eg trur dei hadde høner, og kanhende andre dyr i ein periode, til matauk.
Onkel fekk etterkvart arbeid på "Tøffelen" på Hjelmås, hjå Alfred Hagesæter. Det var ei lita bedrift som laga ulltøflar, men dei utvida etterkvart til å selje Aurlandssko og ikkje minst Rappar, ei slags tøffel med skinn over, som var lett å stige nedi og bruke. Den fanst i mange fargar, og vart brukt både til kvardags og helg. Det var glede når du fekk gå på Tøffelen og kjøpe nye Rappar!
Rappen likna på denne, men hadde fargar, og skinnet var fullt av små hol.

Først sykla han, men etterkvart fekk han seg moped, og det gjorde at han kom seg fortare fram dei 7-8 kilometrane  frå Mundal og til Hjelmås. Han var innom og kjøpte bensin blanda med olje på mopeden når han køyrde heim om kvelden, prata litt, men drog vidare. Det var mykje å ta tak i heime.
Han og Mally fekk etterkvart 5 ungar, men dei yngste kom til etterat eg var vaksen.
Mally og han dreiv yngres i mange år, og ikkje minst yngresarbeid. Her var nok Mally den drivande krafta, men onkel var ein god støttespillar i  strevet. Yngres var kristent ungdomsarbeid til glede og nytte for unge i 12-18 årsalderen.Så vidt eg veit var alle unge i bygda innom  i kortare eller lengre periodar.
Onkel Bjarne gjekk bort så altfor tidleg og uforståeleg , i 1968.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar