Hjortejakt i Husdalen hausten 1961.


Husdalen var ein fjellgard, og dei hadde stort areal av fjell og finne. Sjølvsagt hadde dei jaktrett, og dei tok ut nokre hjortar kvart år.
Oddveig, Bente og eg skulle vera med på jakt, og vi reiste med dampbåten frå Leiknes til Bjørsvik, fekk på oss sekkane og starta oppstigninga til Stemmo, og drog vidare over rindane til Grautevika, og vidare oppover mot Husdalen.  Sigmund, stefar min, hadde reist opp før, saman med Kjell, og eg lurar på om Gaute og var med.   Det var kveldsmat på bordet då vi kom opp, og me hadde ein triveleg kveld med kortspel, lesing mil, og  saman med Gunstein som var son til Olaug og Ivar. 
Kjell budde vel hos bestemor, men Sigmund påstod at det hadde spøkt om natta. Eg veit ikkje om Kjell og Gunstein hadde drive  med nokre ablegøyer, men vi tre jentene sov godt i sengene på lemmen, og vakna til ein god frukost som Sigmund hadde gjort ferdig..
Vi vaska oss og puste tennene i bekken, og var klar for utfordringane den dagen.
Sjølve jakta skulle forgå i Alvdalen, og mannfolka skulle sitja på post, medan me jentene skulle fungere som hundar, og gå oppe i lia og prøve å drive hjorteviltet ned til dei som sat på dei ulike postane.  Vi huja og skreik, klappa i hendene og gjorde mykje bråk, men det såg ikkje ut til å hjelpe. Så vart vi einige om å skilje lag, og Oddveig tok det eine feltet, Bente og eg det andre.

Plutseleg høyrde vi eit skot, og roping. Kjell hadde skote sin første bukk! Det var Oddveig som hadde fungert som drivar, og dei var begge ikkje lite krye! Vi skunda oss ned gjennom bratthenga og såg på fangsten.  Det var på Flatfjellet bukken fall, så han måtte parterast på staden og fraktast heim til Husdalen i ryggsekk. Eg trur eg har fortrengt mykje av oppdelinga, for eg kan korkje hugse skinn eller blodgørr, men Kjell fortalte seinare at det var litt av eit slit å få heimatt skrotten, for han var tung.

 Vi syntest vi hadde gjort dags arbeid då vi fekk viltet i hus. Kven som delte fengda har gått i gløymeboka, men eg trur vi hadde ei hjortesteik heime seinare på hausten.
Elles hadde eg eit prosjekt til denne helga. Eg gjekk på realskulen, og hadde fått i oppdrag å skrive ei segn. Kven var vel nærare til å hugse slikt enn bestefar i Husdalen?  Då preika var over, og bestefar og bestemor hadde ete middag og kvilt, var det tid å ta turen oppom og høyre om han hugsa noko. Ja, bestefar hadde ei segn, og eg trur det var noko frå Hosanger, men innhaldet i ho er borte, og stilebøkene med, så eg hugsar ikkje lenger. Bestefar hadde mykje å fortelje frå gamle dagar, og  eg fekk segna mi, ei heilt original ei, som ikkje hadde vore teke ut av noko bok eller samling, og var ganske kry då eg leverte ho inn til læraren  på  Lindås.
Så både hjortejakta og segnjakta var vellukka den helga!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar