Husdal - ferie, fristad og frimod

                                                              Utsikt mot Osterfjorden.

Husdalen var fristaden min i tenåra. Du reiste dit med båten frå Leiknes til Bjørsvik, eller vi sat på med bilen til Sigmund, for han for jo dit ofte. Sekken kunne vera tung, og om ikkje det var folk frå garden til båten for å handle og hente post, for då fekk me sitje på med dei over vatnet., så  gjekk me Oslia.
                                                         Fint å kome opp--

Det var så fint å kome opp, for du hadde så god utsikt over Osterfjorden og austover  mot Austefjorden.. Det var stilt, ja stillare enn no,  for det var enno ingen veg innover til Austefjorden.
Dessutan var du så velkommen der oppe, anten du stakk innom til Olaug og Ivar, eller til bestemor og bestefar. Dei spurde korleis det gjekk, og kva du dreiv på med, og så fortalde dei om sitt.
Vi møtte på mange måtar ein annan kultur der oppe. Språket var meir alderdommlig enn heime, med fleire endingar og meir dialekt, og dei tok enno vare på alle namna på berg, rindar og dalar, så me fekk ei rask oppdatering av stadnamn. Folk var flinke å bruke beina sine, og ein tur på eit par timar var ikkje noko problem. Dei gjekk på fjellet fleire gongar i veka, og tok ofte ein sundagstur til Austlendingen, ein av dei største toppane i  området. Litt niste hadde ein oftast med, og sat ved varden, åt og såg utover og nytte utsikta.
            Svarteper i Storstova. Eldre og yngre er med. Fleire har tapt i Svarteper, mellom anna eg.

Dei vaksne var ofte med å leika om kvelden. Det var ikkje fjernsyn i dei dagar, så det gjekk i brettspel, kort og gnav. Her tok dei Svarteper heilt ut. Taparen måtte få sverte på nasa, henta frå omnen. Det skapa ein ekstra spenning, og var så absolutt eit høgdepunkt, om du ikkje var taparen, og skreik og sprang for å kome unna den svarte pinnen!
Vi leika gøymespel ute, også etterat mørke hadde falle på, og lommelykkta var god å ha. Det blinka i lys, og så vart det sløkt. Du sprang i mørket, og av og til hadde du gløymd ei tue eller ein vassskvett, og fall oppi.
                                                              Bratt. Sikagrana er i dag.

I  gjesteboka las eg om turar der eg var åleine, om turar med vener, og turar med søsken.
Eg hadde gått nesten beint opp på fjellet ein gong, og nesten beint nedatt. Heldigvis ikkje heilt, for då hadde eg ikkje vore i livet i dag. Men dei bratte liene var moro å klatra i, og det gav meistringskjensle å klive i urdar, finne ut kvar du kunne gå ned ei bratt geil, og kva slags vekstrar du kunne halde deg i for å kome vidare. Vi visste om glatte steinar, om fåren ved å gå på glatt mose og korleis du skulle gå i urd. Vi hadde den sigrande kjensla når du var på toppen og såg utover: Eg nådde opp! Kor vakkert det er!

Edit, den yngre systra mi,  skreiv ein gong ho var med meg på ein liten ferie: -Eg trur ikkje ho mor vil ha lika å sett alle stader eg har klive! I ettertid tenkjer eg at det var godt mor ikkje visste.  Me hadde vel englevakt nokre gonger !
                                                        Utsyn   mot Husdalsvatnet og  Storset. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar