Sigmund Husdal


Sigmund var fødd i 1917, og kom til verda saman med Borgny, søster si. Han vaks opp på den einbølte garden Husdal, ein times gange frå Bjørsvik. Han gjekk på skule der, og hadde lang skuleveg i all slags ver. Oppveksten var prega av at ungane hjelpte til med gardsarbeidet, men også mykje turar i skog og mark. Han klatra i fjell og finnar, stod på ski, sumde i vatna og fiska, og vart etter kvart med på jakt.
  I  1940  drog han til  Finland , men kom for seint til å delta i krigshandlingane der. Så kom han heim  til krig, men kom også for seint til å ta del i kampane i Valdres.  Han drog så heim til  Husdalen. Trongen til å vere med å kjempe for Noreg var sterk, så i mars 1941 reiste han så ut til Telavågområdet , for å reise til England for å fortsetje der. Han og fylgjet hans vart angitt, og han vart dømd i Bergen Tinghus og sendt som  som krigsfange til Akershus festning. Han skulle eigentleg dømast til døden, men fordi lova om dette ikkje hadde trådd i kraft,  vart han benåda, og sendt  til tukthus i Hamburg. Her sat han då i 3,5 år, men den siste tida vart han flytta til stadig nye leirar, og vart ein del av det ein kalla "Nacht und Nebelfangane."  I tukthuset arbeidde han, men dei fekk dårleg mat. Han fortel at han jula 1944 fekk ei tranflaske som han nesten tømde i seg. Me ungane kumnne aldri forstå korleis han alltid fortalde det på julafta.
Tolken på tukthuset i Hamburg var Hiltgunt Zassenhaus.  Ho var kjend for å hjelpe fangane, og fekk tilnamnet "tukthusfangernes engel".  Sigmund kom heim med dei kvite bussane i 1945.  Han skreiv seinare "Under det fire år lange opphaldet i Tyskland opplede eg alt som hadde med krig å gjera. Eg levde med matmangel og dertil påfølgjande underernæring. Me levde med konstant redsle for våre eigne liv. Eg har opplevd bombeåtak der me som sat i det eine kjellarrommet overlevde åtaket som dei einaste. Alle andre døde. Desse åra i fangenskap har gitt meg skader på den psykiske helsa som aldri har vorte legd."
Han begynte å arbeida i smia til Einar, bror sin, i Åsane, men reiste snart  til Svalbard og arbeidde i gruvene der.  Han fortalde seinare om opphalda sine, og om skiturane til hytta  dei hadde der oppe, om nordlyset og kameratskapet. Han var glad i naturen, og å vere ute. Det hadde han vel alltid vore, men det forsterka seg etter opphaldet i Tyskland, som ventande kan vera. Han held Svalbardposten ei stund, og ynskte seg oppatt til det frie livet der oppe. Lengselen til Svalbard dukka oppatt i seinare år.

Han, brørne, Einar og Johannes, og Ivar Nesset  stifta etterkvart Vestnorsk Brunnboring 1950 , og dreiv med djupvassboring etter vatn.  Dei hadde som  hovedoppgave å bore etter vann for husholdning, gardsbruk samt vannverk i kommunal og privat regi. Arbeidsutstyr var linestøtmaskin, som på en god og lang dag kunne bore opp til 3 meter for dagen.
Dei  var dei dei første i heile landet som dreiv med dette, og dei hadde arbeid over det meste av Vestlandet, men mest i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Frå 1974 tok dei i bruk større kompressorer opp til 12 bar arbeidstrykk. Dette gjorde arbeidet både lettare og raskare, og dei starta då opp med enkle gjennomboringar i fjell for kablar og ledningar.
Dette held dei fram med, og  luftkompressorane vart stadig betre,  Ma.a. bora dei 40 stk. 6,5 tomms kabelhull til Haglsundbroen mellom Knarvik og Flatøy.
I 1980 åra  gikk dei til anskaffelse av bedre måleutstyr for å få presise gjennomboringar og forbetre seg på treffpunkt i utslag. Fra nå av vart det kun investert i høytrykk kompressorar, og gjennomboringane blei større og lengre. I 1981 flytta dei til Leiknes i Lindås, der dei blei til 1986 då dei fekk for liten plass til bedrifta. Dei fikk då leige lokale på Høyland i Lindås. Utover 80 tallet måtte dei og auke arbeidstokken med flere ansatte. Fleire av dei tilsette kjøpte aksjar i verksemda, og dei opphavlege eigare gjekk ut, utan Sigmund, som vart verande som leiar med aksjemajoriten.  
Dei brukte ofte geologar for å finne ut om det svara seg å bore etter vatn, særleg dersom dei hadde større oppdrag for bustadfelt, og for det offentlege.. Då eg leita etter stoff til dette inlegget, så  fann eg to geologiske rapportar til Vestnorsk Brunnboring. Dei ligg på nettet, under bilder. Det slår meg kor nyaktige og grundige brunnboringa var i arbeidet sitt.
  Sigmund slutta i Brunnboringa då han gjekk av for aldersgrensa, og han selde etterkvart aksjane sine i verksemda. Men Vestnorsk brunnboring er framleis i vekst. 

Sigmund kjøpte det eine gardshuset i Husdal midt på 50-talet., og brukte det som hytte. Søskena hans og familien  brukte ho flittig, og huset vart eit samlingspunkt for dei søskena som hadde flytt ut.
Det var han som dreiv brunnboringa i byrjinga, og reiste mykje. Dei utvida etterkvart arbeidsstokken til fleire. Han var heime i helgane, og då budde han på ein hybel på Åsane, hjå ein av brørne sine.  Han var interessert i frilyndt lagsarbeid, og ar med i ungdomslaget på Nyborg i Åsane. Særleg likte han leikarringen. Elles var han målmann, og medeigar i Samlaget som ga ut nynorske bøker. 
Han var ivrig i idrettslaget på Nyborg, og sprang terrengløp og orientering, og var ofte med på skirenn om vinteren. 
I 1960 kom han til Leiknes og bora etter vatn. Der traff han mor mi, og dei gifte seg i 1961.
Den siste delen av livet hans får vi fortele litt om neste gong


Noko om brunnboringa ar eg funne her:
https://www.brunnboring.no/boring-etter-vann

Kommentarer

  1. Hei ! Kjekt å lese om Sigmund her. Leiter ofte etter "nytt" fra Husdal der mine tipp-tipp oldeforeldre drev gården fra rundt 1840.

    SvarSlett
  2. Hei! Det er sjeldan eg er her inne, så eg såg kommentaren din nett no.Sigmund kjøpte huset av far sin, Gudmund Husdal, som igjen hadde kjøpt det frå slekta di.
    Alle vi sju søskena overtok huset på 80-90 talet, men etterkvart gjekk tre av oss ut, så no er det 4 eigarar att. Huset har vore ein samlingstad for familien vår, og det er gjort mykje omvøle der, for å tilpassa det nye tider og behov. Men tømmerveggane står enno, steingolvet i bislaget på øversida, og ein del av innreiinga på loftet.
    Om du går forbi eingong det er folk der, kunne du gje deg til kjenne. Ikkje alle syskena mine er like opne av seg, men dei fleste av dei ville sikkert be deg inn ( etter corona) så du fekk sjå deg om, og knytte meir til røtene. Eg skal tipse Edit om deg.
    På den andre garden driv dei to brørne som eig han ( kanhende er det borna deira no) og restaurerer og tek vare på gamle ting. Ha ei fin påskehelg! Helsing Britt Hagesæter

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar