Innlegg

Naustkleiva, vegen til Dalebygdsenteret.

Bilde
I dag skal vi ta oss ein tur til senteret i Dalebygden, slik det var like etter krigen. Men først litt bakgrunnstoff:   Vestlandet er bratt. Det er mange ord for bakkar og haugar, og her ein dag tenkte eg på forskjellen på brekke og kleiv. For me hadde båe på den vesle heimstaden min. Det var Apalbrekka og Hodnesdalsbrekka, Midgards- og Hopsdalsbrekka.. Det skal kome frå ordet bratt, og det var bratt å gå opp alle dei. Men så hadde me Naustkleiva, garden Kleiva og Kleivdal.. I følge Svein Børtveit er det ein stupbratt skrent der ein måtte klyva for å kome opp.  Ser vi nøgnare på Naustkleiva, ligg dei 4-5 nausta lunt til i ei lita vik, men det er bratt opp, om ikkje ein hadde hatt vegen der. Så ein må forestille seg at før dampbåten og kaien kom, ein gong midt på 1800-tallet, så måtte ein nærast klyve for å kome til og frå nausta.  Men nausta var viktige, for skulle ein ut av bygda, var det lettast å bruke båt. Kommunesetereret låg på Valstrand, kyrkja  på Hamre ...

Husgeråd.

Bilde
 Det ligna dette, men blåare og mindre roser Mor og far gifta seg i krigens siste dagar. Det var mangel på det meste, og ein av dei ting det var mangel på, var koppar, kar og bestikk. Dei fekk kjøpe 2 koppar, asjett, tefat , djupe og flate tallerkar, ditto bestikk på rasjoneringskort sidan dei skulle gifte seg, etter det eg har høyrt.  Dei var kvite, med blå rand rundt. Eg hugsar dei frå tidleg barndom.Litt utstyr fekk  dei i gåve frå slekt og vener, helst dei eldre som hadde samla før krigen, men det var ikkje mykje i kjøkkenskapa heime den første tida eg  minnes.  Mor hadde eit stort brunt steinfat  og ei blågrå krukke,  og kasserollane var av aluminium, og slett ikkje tjukkbotna.  Men ei av kasserollane var stor, og vart brukt til å varme vatn i.  Litt husgeråd Me måtte  vera varsame, både når me sat med bordet, og når hjelpte til med å bære på og av bordet.  Oppvasken fekk me først vera med å turka, seinare vaske opp. Forma...

Alle disse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve fellesferien.

Bilde
Endeleg ferie!   Gleda var stor, og ein såg fram til to lange månader utan skule og lekser. Då eg vaks opp var f erie  å ha  fri frå skulen. Lønstakarar hadde vel 14 dagar, og dei som var sjølvstendig næringsdrivande og bønder, hadde lite og inkje fri på sommaren. Men for oss ungane betydde det at du kunne sove litt lenger, være oppe lenger, og sleppe skule og lekser.  Pliktene heime var der, med barnepass, oppvask og   golvvask , med litt middagslaging, og gå til båten. Det siste var no helst fritid, sjøl om du måtte handle og hente posten.  På meieriet og kjøpe mjølk måtte ein og. Men me var fleire om pliktene, så ferie var det mykje av. Dei som budde på gard, måtte nok arbeide ekstra i onnene med hesjjing oh høyberging, og hadde vel mest fri til å bade midt på dagen når dei vaksne kvilte middag Av  ein eller annan grunn slutta me skulen i god tid før jonsok, men eg trur det var fordi læraren passa på at me ikkje hadde så mange fridagar...

Blomster er plantenes smil ( Per Hille) Blomar, flora og herbarium.

Bilde
Eit av dei første minne eg har, er at eg stod på ein vegakant og plukka blomar. Dei var så vakre!  Mor har fortalt at eg plukka ofte blomar som liten, og eit av dei første yrke eg kunne tenke meg, var å bli gartnar. Eg og Anny, søster m i p lukka blomar og gav til bestemor og ein nabo. Som takk fekk me  kvar vår 25-øring, tilsaman ei heil krone, som var  ei heil formue i dei dagar! Du kunne få 20 femøreskaramellar eller ein heil pose drops for ein slik rikdom.  Eg la store planar om å starte bedrift, der me plukka blomar og selde til  alle naboane. Det kunne bli lukrativt, og eg malte opp for Anny om rikdommen me kunne få, omgjord til søt valuta.  Vi kunne vera sjølforsørgde med snop i lange tider!  Uheldigvis høyrde mor fabuleringa, og gav grei beskjed om at det var greit å plukke blomar og gje til naboane, men grensa gjekk ved å selje det einkvar kunne finne i sin eigen grøftekant!  Så der forsvann  den første forretningsideen min ut t...

Å gå til båten.

Bilde
Dampen var rutebåten som gjekk mellom Bergen og Mo, med stopp på begge sider av fjorden, nokre stopp på sørsida, nokre stopp på nordsida, og slik kryssa han seg innover.  Dampen var fellesbetegnelsen på Indre Nordhordland dampbåtlag sine båtar, som i mi tid var kolbåtane Haus og Oster, og dampbåtane Hosanger 1 og Bruvik. Dampen var båtane, medan det å gå til båten var det du gjorde når du møtte opp når ein av dei kom kaien på Leiknes. Det var stans to gonger for dag, som oftast . Eingong på veg til Bergen, og ein gong på veg heimatt. Laudag og sundag var det eit ekstra anløp, på laurdag innover fjorden, på sundag utover fjorden. Dampbåten hadde ruteplan, og det var ei rute for vinteren, og ei anna for sumaren, og det var viktig å få tak i  ny rute når sesongen var der, for du måtte jo veta når båten kom, både om du skulle reisa med han, men også for å kunna gjera den viktige sysla å gå til båten om ettermiddagen. Vi søskena kunne krangla litt om kven som skulle ...