
Vi gledde oss alltid til jonsokafta. Det var ein festdag, med bålbrenning og fellesskap. Ei lita flaske rauid Perle og Bruse frå Hansa Bryggeri var kjøpt inn, og Tomkakekjeks likeså. Ranselen var tømt for skulebøker, og klar til nytt innhald. Ein brusopnar, populært kalla oppdragelse låg og i sekken. Eg hadde forhandla med mor i fleire dagar om utetid. Ho kunne ikkje vere med, fordi det var småungar i huset, og far hadde alltid usikker heimkomst om kvelden. "Alle andre argumentet " var oppbruka. Tårer og sinne brukt. Til slutt vart tida 22.30, frå bålplassen, ein halv time over starttidspunktet. Eg laut vera nøgd med det. Venninna mi og eg hadde avtalt å gå saman klokka 18, og vi fylgde stigen oppover mot Rindane, der bålet var i år. Vi møtte fleire som slo lag. Spelmann vart det og, for frå Hopsdal kom dei med trekkspelet. Bålet var stort, og narrekallen ruva også. Det var mykje sprakje på begge to, og det syntes på dei snaue hauga...