Eit høgdepunkt om sommaren var bading




Førstemann uti! Me var kome til Vågen, den vesle badeplassen innerst i Leknesvågen, og no var det om å gjere å kome først ut i vatnet. Vi slengde klærne av, og dei som var smartast av oss hadde teke på seg badebuksa heime. Vi vassa eller hoppa uti, alt etter flod og fjøre, og fyrstemann som dukka hadde vunne. Som regel var det meg. Dei som var yngre, måtte klare seg sjøl! Men når ein hadde dukka, så kunne ein hjelpe til å få på symjebelte og leie dei mest forsiktige uti.




Ein badetur  krov førebuing. 4 søsken skulle ut, Alle skulle ha badebukse og håndkle, symjebelte,  og som oftast hadde vi mat med, for vi åt nons i badevika, så vi måtte smørja mat med kakaorøre, ost eller syltetøy, og lage saft på  glasflasker. Vi måtte ha med koppar, og alt skulle nedi vesker eller nett. Så drog i avstad vi 4, saman med naboungar, så vi var ein heil flokk ned Sudmannsbrekka. Vi klauv over støypemuren, hjelpte småfolket og leidde dei ned  til sjøen.
 På førehand hadde vi lest avisa om sjøen flødde eller fjæra. Det hadde mykje å sei for kvar vi la klæda våre. Ein gong hadde vi lagt dei i fjøra då det flødde, og det var ikkje moro å gå med våte klede heim. Ein gong var nok!
Vågen var liten, men hadde ei lita sandstrand og eit skjær som sjøen flødde over når floda var stor. Det var ei lita strand, og nokre berg ein og kunne sitja på. Lenger borte rann ein bekk ut i sjøen, og høgt høgt oppe, tykte me , gjekk brua over Vågen.
Men kven sat på land?


 Bading var å vere uti sjøen, å symje, dukke, symje under vatn, dukke etter skjell, kappsymje, og passe seg for marabakkjen. Det var ein bratt skråning i vatnet som gjorde at du plutseleg stod der utan grunn under føtene. Vi passa godt på yngre søsken  at dei heldt seg godt innafor denne skumle staden, og skremde dei med skumle historiar om denne underjordiske bakken.
Men elles så prøvde me å få dei yngre uti, få dei til å dukke, og leggje seg ned for å symje, medan me held handa under munnen deira, og instruerte korleis dei skulle bevege hender og føter. Var det ein god sumar, kunne det verta symjarar av dei, og mor var tryggare.

Blå på kroppen var det opp og ete nonsmat, og sjeldan skivene betre enn her i frisk luft. Me drakk saft  i koppar og koste oss.



Mor hadde friminutt heime, og kunne unne seg ei middagskvild, eller gjere husarbeid fri frå ungemas.
Dei yngste tørka seg og kledde seg, men eg måtte uti ei stund til. Født i vannmannens tegn, var det symjehud mellom føtene, og vatn var det rette elementet. Eg hoppa og prøvde å stupe, og symde
nokre hundre meter til.





Eg hugsar ein gong det var stor flod. Edit skulle skylja badebuksa som var full av sand, og hadde stått på ein stein. Plutseleg glid ho uti sjøen, og ligg der og flyt, utan å kunne symje. Åsta ropa, og eg var snar om å dra henne i land. Ho gulpa litt, men var snart i full vigør att. Trur ikkje mor fekk vite det i heile tatt.

Så var det å sanke saman badetøy og handukar, sjå etter at matpapir, koppar og flasker vart med heimatt. Me leidde og lyfta dei yngste opp den vesle lia, og så gjekk me i flokk og fylgje heim.
Turen heim tok og tid, med prating og leiking, der ein undersøkte både veg og utmark. Kanhende var det blåbær eller markjordbær som vi måtte smake på. Nokre gonger tredde vi dei på strå, og åt dei når vi kom hei, eller vi kneka dei, blanda inn sukker og hadde dei på brødskiva. Delicious.
Men turen var ikkje ferdig før badetøyet hang på snora. Som eldst var eg nøye på at dei søskena som nådde opp til snora hengde opp plagga sine sjølv! Rett skulle vere rett!
Sumaren var i gang, og badeturane absolutt eit av høgdepunkta...





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar