Middag til middag, kvardag som sundag.

DCCE76F5-289D-450B-81FB524C997B29E4-6762F243-A8E2-43F2-8801179FD6E2E8EF

- No er det middag! Ropet lydde ut over nabolaget, og betydde at no var det å sleppe det ein hadde, avbryte leiken og kome seg inn. Vaske hendene, og setje seg til bords. Klokka var ein stad mellom 12 og 13, vanleg middagstid. Bordet var dekka, oftast av ein av ungane,  og alle hadde sin faste plass. Ofte kom far heim frå arbeid, om han ikkje arbeidde langt unna.

Middag hadde to rettar, hovedrett og suppe. Til kvardags var det fisk av alle typar, fiskekaker, fiskepudding og heimelaga fiskegrateng, eller middagspølse kjøpt i lengder, Fiskebollar på boks, severt med kvit saus, kunne vi ha, spesielt når mindre søsken skulle lære seg å ete. Joikakaker kunne vi ha ein hende gong. I sesongen var det torskerogn og lever, og etterkvart vart det steikt rogn, kjøpt i boks. Kvalkjøt var kvardagsmat, og raspekaker med salta kjøt, kålrot og gulerot var ettertrakta både hjå barn og vaksne. Men å skrelle og raspe poteter var eit heilt arbeid for den som var husmor.

Tilbehør til hovedretten  kunne vera steikt løk, sos, smelta smør og kokte gulrøter eller kål eller kålrot. Kokte poteter var fast. Dei vart kokte med skalet på, og reinska før dei vart borne på bordet.
Som oftast vart maten lagt opp på fat ,eller servert i skåler eller bollar. Det var ikkje vanleg  å ha panner på bordet heime .
Suppe var det etter kvart måltid. Sago, semuljegryn, havregryn eller havregryn med mjølk, eller dei same gryna med saft i. Dei siste var mest omtykt hjå oss ungane. Sagosuppe var ikkje populært. Dei gjennomsiktige ekle kulene var ikkje gode, og vi prøvde å unngå dei. Men alle skulle ha suppe, og alle skulle eta opp. Våre foreldre hadde opplevd krigen, og all mat var god.




 Anny streid spesielt med denne kvite vømmle guffa, og svalde og gulpa.  Når far var heime og åt, var det spesielt kjekt å få vere med han på arbeid om ettermiddagen. På den måten avlasta han mor med å ta med nokre av ungane, og vi fekk vere med på arbeid,. Der kunne vi møte andre ungar og leike med dei, tusle i skog og mark og undersøke naturen, eller tigge oss ei krone og setje kursen for næraste landhandel. Det var mange føremoner med det å vera med far... Han hadde heller ikkje slike teite oppgåver som oppvask, handling og barnepass  å by på.
Far stillte som krav at suppa skulle etast opp før det var tale om å setje seg i bilen. Anny prøvde ein gong å kome seg med utan å ha ete opp. Ho kledde på seg, og stod i bislaget med vottar og huve. - Er suppa ete opp? spurde far. - Du får ikkje vera med om ho ikkje er det! Anny sprang inn , og åt. togg og svelde, drakk vatn og fekk i seg suppa. Ettermiddagen var redda!
Til maten vart det servert vatn, men hadde vi raspekaker, vart det sur mjølk.
Dei dagane me var på skulen, stod maten på omnen. Nokre gonger hadde plata stått på ein, eller  så vart maten varma opp. Potetene var ofte pakka inn i papir og eit handklede, og lagt under ein pute eller pledd for å halde seg varme.
Kjøttkaker med grønerterstuing, kotelettar, kjøtsuppe, sosekjøt, ertesuppe, kjøtpudding og fårikål var sundagsmat. så var det dessert på heilagdagane. ! Gele med vaniljesaus, prinsessepudding med raud saus, fruktcoctail frå boks, sviskegraut med fløytemjølk, og innertiaren, sjokoladepudding med vaniljesaus.



Delar av dette vart førebudd laurdag ettermiddag, og vi ungane gleda oss, ikkje minst til desserten! Det hende ein fing gjekk nedi desserten eller sausen for å smake. Det var om å gjere å få det til utan at det syntest.
Den som var på kjøkkenet, når desserten vart førebudd, fekk ofte skrape panner  etter desserten og sausen. Vi var søthungrige, så  vi var ikkje tungbedne til å finne oss ei skei og " reingjere" kasserollane.
Sundagane hadde me saft attåt maten. Det var forskjell på helg og vyrke, også der,
Har eg hugsa alt? Sikkert ikkje. Men vi åt middag, kvar dag, heile året.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar