Vi hadde ein del merkedagar vi gledde oss til: Jul, bursdag, nyttårsafta. 17.mai og jonsok.
Jonsok brende ein bål, og bålet vart førebudd. Då ein var liten var bålet ofte litt rusk og rask som far eller mor hadde samla, og som vi brende ytterst på tomten, eller vi samla oss hjå ein nabo som hadde litt skrot å brenne. Vi ungane fekk kjeks og brus, vi leika oss og kom oss i seng litt seinare enn vanleg.
Men etterkvart som ein gjekk fram i alder og visdom, og snakka med andre om denne storhendinga, så vart horisonten utvida. Det var greitt nok å brenne i fjøra, og då såg ein andre som brende bål i fjøra, og eit og anna bålet på toppane på andre sida av fjorden, men det heilt store var å brenna bål på toppane, der ein kunne sjå andre brenne på andre toppar.
Så då var målet å få vere med på ein av toppbåla.
Det vart bygd bål på Rindane, på Leitet og på Sjonkletten, etter det eg hugsar. Ikkje alle stader samtidig, men litt etter kvar dei mest ivrige budde.Dei eldre ungane og ungdommen rusta seg ut med einesokser og øksar, og arbeidde i  vekesvis med å hente virke og løe opp bålet. Det skulle vera stong i midten, og brakje og anna brennbart materiale vart bygd rundt. Noko virke vart og drege frå bygda, og bålet vaks. Bøndene var sikert glade for å bli kvitt litt brakje, for det var mykje å ta av, og sauen åt vanlegvis ikkje han.
I tillegg til bålet vart det bygd narrekall. Det var eit lite bål attmed det store. Det skulle tennast først, og hadde som funksjon å narre folk på på andre toppar til å tru at me hadde tent det eigentlege bålet, og så tenne hovudelden sin. For det eigentlege bålet skulle tennast seinare på kveld, og brenna lenge.
Det var som sagt ungdommane som bygde på  bålet, og vi ungane fekk vere med. Då kjende me oss store!
Felleskapet voks, og vi drog eine til den store gullmedaljen, medan dei vaksnaste og mest betrudde bygde,.


Ofte var det folk både frå Dalebygda, frå Mundal og Hopsdal på desse kveldane. Det var samarbeid og dugnadsånd, Målet var ¨lage det største og flottaste bålet i  heile synskretsen.
Spenninga var stor . Ville vi klare dei?


Men jonsokkvelden kjem me tilbake til-

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar