Når klokka var halv sju eller seinast halv åtte var det tid for  dagens siste måltid.
Kveldsmaten vart eten ved bordet. Vi dekka på,og det var ofte ein av ungane si oppgåve. Det var titt brød, pålegg som til frukost, og mjølk. Men vi koka ein del kakao, og ein sjeldan gong te, med mjølk i for oss ungane. Når vi ungane overtok kokinga av kakao, laga vi ofte mykje. Det som var att etter kveldsmaten, fekk ho som var fyrst oppe morgonen etter. Ofte var det Edit, litt i konkuranse med Åsta.


Me kunne og ha graut, særleg havregrynsgraut, men eg trur mor og far  hadde hatt mykje av det under krigen, så det var ingen vane. Grauten vart servert med sukker og smørauga, og av og til mjølk. Kanel vart  servert til risgrynsgraut.


Om sumaren kunne me ha rømmekolle med sukkerkavring, for det var mykje sur mjølk fordi vi ikkje hadde kjøleskap. Mor sette også opp surmjølk i store brune kjerald. Det var eit rømmelag oppå mjølka, og det var viktig å få sin del av rømmen.


Vi kunne steike arme riddarar, og få brukt opp gamalt brød. Vi hadde ikkje sukker og raudgraut på, men slo ein slags eggevelling med litt salt over brødskivene på steikepanna.
Vi hadde bitar av brød, oppbløytt i mjølk med sukker eller syltetøy, som me åt frå djup tallerk med skei.
Var det restar att etter middagen, åt vi dei til kvelds. Me kunne steikja poteter etter middagen, med løk eller flesk attåt.  Speilegg med eller utan steikt flesk kunne det vera, særleg om laurdagane. Dette var før pizzaen hadde gjort sitt inntog.
Skikken med risgraut midt på dagen og gryterett til kvelds, kom først då  eg var i tenåra. Det var då det vart laurdagsfri, og laurdagen vart meir markert, etter som eg hugsar.
Bestefar åt gjerne brun saus med brød til kvelds om det var saus att etter middagen., Fleire av systrene mine syntes det var storveges kveldsmat når dei var på overnatting  i Arna.
Når kveldmaten var eten, var det tid å sjå over dei leksene som ikkje var gjort. Vi kunne høyre ønskekonserten, lese litt eller spela gnav eller brettspel.
 (TV fekk me ikkje før eg var 16.17 år, og var reist heimanfrå. Mykje endra seg då, både med mat, samvær og leggjetid.)
Om sumaren kunne vi få vera ute litt.  Men åtte halv ni var det tid for tannpuss og å finne køya. Ungar skulle legge seg tidleg, og skulle forholdsvis tidleg opp.






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar