Vi gledde oss alltid til jonsokafta. Det var ein festdag, med bålbrenning og fellesskap.
Ei lita flaske rauid Perle og Bruse frå Hansa Bryggeri var kjøpt inn, og Tomkakekjeks likeså. Ranselen var tømt for skulebøker, og klar til  nytt innhald. Ein brusopnar, populært kalla oppdragelse låg og i sekken.



Eg hadde forhandla med mor i fleire dagar om utetid. Ho kunne ikkje vere med, fordi det var småungar i huset, og far hadde alltid usikker heimkomst  om kvelden. "Alle andre argumentet " var oppbruka. Tårer og sinne brukt.  Til slutt vart tida 22.30, frå bålplassen,  ein halv time over starttidspunktet. Eg laut vera nøgd med det.
Venninna mi og eg hadde avtalt å gå saman klokka 18, og vi fylgde stigen oppover mot Rindane, der bålet var i år. Vi møtte fleire som slo lag. Spelmann vart det og, for frå Hopsdal  kom dei  med trekkspelet.



Bålet var stort, og narrekallen ruva også. Det var mykje sprakje på begge to, og det syntes på dei snaue haugane rundt.
Harald tente narrekallen, og eldmørja sto til vers. Vi måtte trekkja unna, for ikkje å bli trefft av gnistane. Sønnavinden bles den sure røyken mot oss, og vi måtte flytte oss enno ein gong.
Det vart tid for å opne brusflaska, og sidan Per hadde lommekniv med korketrekkjar, slo han hol i korken. På den måten slapp ein å få så mykje kjekssmular i brusflaska.
Det blussa opp bål frå andre kantar,  og erkefienden på Gjerfjellet hadde tent sitt. Elden  hadde nesten brent ned, og tida var komen for å tenne det eigentlege bålet.  Litt spillolje og bensin vart dynka på nederst, og det fata i einen så eldslogen slo til himmels, og sur røyk breidde seg.
  Roald trakterte trekkspelet, men terrenget var for kupert til å ta seg ein svingom. Magny las dikt, og allsongen ljoma  " Vestland, Vestland når eg ser deg slik", og "Å, eg veit meg eit land" vart slått an på trekkspelet.



Det var lunt og fint denne sumarkvelden, og me yngste leika tikkjen og gøymespel rundt om, medan dei vaksne drakk kaffi frå termos, åt niste og  rødde om smått og stort. Han Olav hadde med svartkjel og kokte kaffi på glørne.  Så vidt eg hugsa, hadde nokon laga spørjekonkurranse, og vi sat i grupper  og svara på spørsmål frå historie, ynskjekonsert og lokal historie.
Nokre hadde sikkert med seg ein klonk, men som barn oppdaga eg ikkje slikt. Uskuld var tilstanden i høve til sterkt drikke.
Me samla bruskorkar fra dei som ikkje tok vare på slikt. Det var mangt og mykje å samle på, og bruskorkar hadde fargar og ulike innskrifter.
Klokka var halv elleve. Eg måtte gå, sjøl om sumarkvelden var fin og ny.  Det hadde vore ein fin kveld, som slutta så altfor tidleg. Men veninna mi hadde mindre strikte foreldre, så eg vart oppdatert neste dag.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar