På var vandring gjennom måltida for ca.60 år sidan,  er me kome fram til nonsmaten, eten ein gong mellom halv fire og halv fem om ettermiddagen..
 Her kunne vi og dekka på bordet, og eta samla,Pålegg og brød stod på bordet, og dei som varstore nok, smurde margarin og la på pålegg sjølv. Dei vaksne drakk kaffi med kaffifløyte oppi, og  ungane drakk njølk. Kaffifløyten vart skumma av mjølka i spannet, og oppbevart i kjellaren om sumaren. Me åt  skjever, eller  pannekaker og  bollar.  Sat ein ved bordet, åt ein opp, fekk lov å gå frå bordet, takka for maten og vart dimmitert.
  Av og til bløytte vi lefser, og smurde dei med smør, sukker og kanel. Vi laga skuffkake,av surmjølk. Kjøleskap hadde vi ikkje, så det var rikeleg av surmjølk. Mor sette og opp mjølk til surmjølk i sumarmånadane.
 Det  hende og at ein fekk ei skjeva i hånda, eller smurde sjøl. Nonsmaten var eit friare måltid, der du ikkje alltid sat til bords i stova.
. Om sumrane var nonsmålet  enno meir fritt. Me fekk smurja skjever og ta med ut, og åt i hagen,   Pålegg var ofte  då ofte sylttøy, ost,  eller kakaorøre. Då vi vart eldre, hende det at  vi sjølve baka   surmjølkskake til nons. Det smaka aldeles herleg, og var så absolutt eit høgdepunkt.



Kakaorøre var og ein topp i matvegen. For ukunnige lesarar må eg fortelje  at det var kakao, rørt saman med vatn, sukker og eventuelt vaniljesukker. Det var ikkje alltid så lett å hugsa forholdstalet, så røra hadde ein tendens til å bli tynn. Då måtte ein røra inn meir av det tørre. Det gjorde ingen ting, for ein vesentleg del av oppdraget besto i smaking, der ein eller fleire fingrar var nedi røra for å kjenne på smak og konsistens. Så vart det ferdige resultatet smurt på brødskiva, blingsane lagt på asjettar, og bore ut i hagen.
Vi fann koppar, og tok ut drikke i ei mugge. så  fann vi  fram  eit gamalt ullteppe til å sitja på . I  ein krok i hagen bak bærtrea var det fint å sitje , og vi hadde verdens beste måltid ute i det fri.
Andre gonger kunne vi eta nons medan me var i bad. Vi smurde maten og pakka den inn i  smørpapir eller i matboksar, hadde mjølk eller saft på flasker, tok med koppar og bar  det  heile i ei taske eller bærenett ( ikkje av plast, sjølsagt)- Om smøret var smelta og osten sveitt gjorde det ingen ting. Etter badet var vi svoltne, og åt med god apetitt..
Det hende me laga av appelsinsaft av appelsinskal, sitronsyre, sukker og vatn. Det var godt og leskande.
Om vinteren var nonsmaten inne, oftast pådekka bord  med brød og pålegg, og mjølk og kaffi til drikke. Me ungane kunne av og til mase oss til litt kaffiblanda mjølk, og kjende oss store. Å drikke kaffi var noko dei vaksne gjorde, og å drikke denne kaffiblanda mjølka var teikn på at ein var kome til skjels år og alder.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar