Måltid . Særleg frukost.

Det er kanhende tid å snakke litt om mat og måltid. Også det har forandra seg, både kva ein åt, når ein åt, og kanhende kor mange måltid ein åt.
Me hadde vanlegvis 4 måltid om dagen, i denne rekkjefølgja :  frukost, middag, nons og kvelds.
Frukost når du stod opp, middag ein gong mellom 12 -13, og oppvarma hvis du kom frå skulen i tretida, nons om ettermiddagen og kvelds i 7-8 tida om kvelden.
La oss ta frukost først. Mange hadde graut til frukost, men det var det ikkje heime. Me hadde brødskiver med smør og pålegg, og ungane drakk mjølk, medan dei vaksne drakk kaffi, som oftast med kaffifløyte eller mjølk i.
Mjølka var kjøpt på meieriet, sidan me ikkje hadde kyr sjølve, og fløyten var skumma av, til kaffifløyte.
 Om formiddagen og av og til om kvelden var det ei plikt å dra på meieriet og kjøpe mjølk.  Seinare vart det kvite og brune mjølkeflasker med metallkork, kjøp på butikk.

Bilderesultat for melkespann



På brødskiva var det margarin, oftast Melange, kjøpt i halve kilo, og lagt på ein asjett. Den var meir eller mindre smørjevilljug, alt etter årstida, for me hadde ikkje kjøleskap. Den maten som ikkje tolde mykje, vart om sumaren sett i kjellaren.
Bilderesultat for melange




Pålegg var syltetøy, rips, rips og solbær og solbær. og   brun og kvit ost. Etter kvart vart det leverpostei på boks, med bilete av ein gut på. Det hende at me kjøpte leverpostei i laus vekt også.
Onkelen min gjekk i fart med Nornen, og frakta sardiner,frå fabrikken i Bjørsvik, så ikkje ratt sjeldan hadde me sardiner i olje og tomat, og av og til kippers.

Bilderesultat for sardinboks

Mor koka brunostrestane i mjølk og hadde på sukker, og då vart det prim. Godt for søthungrige små!
Sukker var ikkje godkjent på brødskiva heime, men sirup kunne me få av og til. Sunda og Hapå var ikkje så ofte  på bordet heime. Mor var restriktiv med søte pålegg.
Til helga vart det etter kvart spekepølse og servelat, og anna kjøtpålegg når vi hadde vore i byen. .
Hardkokte egg på skiva var festmat, saman med ansjos.
Ein av kjenneteikna på at du hadde gått fram i alder og visdom, var at du fekk smørje på brødskiva sjøl. Undervisning om kor mykje du kunne ha på av smør, og at du skulle smørje over heile brødskiva var obligatorisk, og at du ikkje sløsa med pålegget. Skyvepølse vart ikkje praktisert, men nøktern omgang med pålegg var eit must. Etterkvart smurde du brødskivene til skulen sjøl, og som oftast var det ost, eller pølse eller egg. Matboks eller matpapir var oppbevaring.
Agurk og tomat vart vanleg når eg var i 10-årsalderen, og smaka fantastisk saman med leverpostei. Dei var og pålegg aleine, tomat ofte med litt salt.
Appelsinmarmelade vart også etterkvart eit anerkjent pålegg, kjøpt på butikk. Påleggsvariantane vart fleire etterkvart som eg vaks opp, og levestandarden vart betre.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar