
Det er rart å tenkje på at då eg vaks opp var me meir avhengig av høyrsla for å få informasjon. Me las, og nokre bilete var det i bøkene, men mest av alt skapte det vi las indre bilete av hendingane vi las om Men vi høyrde på radio, og der fekk me mykje av informasjonen vår, og underhaldninga. Vi såg ikkje det som vart sagt, så vi skapte oss indre bilete av det som vart sagt. Så tok fantasien over, og vi leika rolleleikar og dikta vidare. Alle born som var heime på dagen høyde på barnetimen frå 8.40-9.00. Vi sat andektige og lytta, og song med i songane, lytta til forteljingane og vart kjende med dei ulike programleiarane og figurane dei fortalde om. Torbjørn Egner fortalde om Karius og Baktus, og vi pussa tennene nøye etter den forteljinga! Vi høyrde om tante Sofie og røvarane i Kardemommeby,, og var glade då alt enda godt. Det fine med desse forteljingane var at konfliktene var spanande, men dei vart løyste. Livet kunne gå vidare, og vi slapp å gruble på ul...