Fløksand husmorskule. Dagleg liv.

På kjøkken I laga vi middag. På kjøkken II laga vi kaker og dessert og dreiv med sylting og safting. På handarbeidssalen sydde vi, vov og strikka. På vaskepartiet hadde vi klesvask, laga bakverk som lefser , og eg trur at me og hadde fjøs og uteparti på desse vekene.


Første dagen på kjøkken I skulle me laga blodpannekaker. Litt av ei byrjing for dei fleste, som ikkje var van med slik mat! Eg vispa med hjulvisp og prøvde å tenkja på noko anna.
Vi skulle smake på all mat, men behøvde ikkje å forsyna oss andre gongen. Eg tør vel seia at det var fåe som benytta seg av 2. servering med pannekaker..
Ein annan dag hadde me heimelaga sjokoladepudding. Eg trudde det var ein innertiar, og forsynte meg rikeleg. Det var det ikkje, for den var laga av kakao, og hadde lite sukker. Dei andre hadde lukta lunta, så eg sat der i einsam majestet, svalde ned med vatn, og vart til slutt ferdig.
Vi hadde fårekotelettar, og alle gledde seg.  Dei skulle sjølsagt ete med kniv og gaffel. Det var ikkje mykje du fekk av kvar kotelett, så då maten kom på kjøkkenet att, fekk me kjeft for alle restane. Eg trur det vart nemd at dåverande kronprins Olav hadde brote etikketten og ete med fingrane sin gong!

Me hadde teoretiske og praktiske prøvar. Det gjekk greit. Min største konkurent i det praktiske hadde dysleksi. Ho var fabelaktig på kjøkkenet, men sleit litt med det boklege.

På kjøken I hadde vi også  noko som heitte prøvekjøkken. Der laga du middag på eit lite kjøkken, og hadde gjester, ein lærar og to elevar. Du skulle dekke bordet, servere og konverere gjestane dine . Menyen var sjølkomponert, , ein  rekna tida ein trong, og skulle severe til fastsett tid. Eg hadde spekesild, som eg vatna ut før seg sløydde ho. Resultatet vart nokså salt.

Oppvasken gjekk etter alle reglar, med forvask, vask skylling og tørking. Trereiskapar skulle ikkje ligge i vaskevatnet. Det fekk me forkynt på klingande sognamål, og ingen torde anna enn å på tresleiva snøgt på brettet att. Det kling i øyra enno.

Vi lærde mange ulke dessertar og supper, og mange flotte bakverk av gjærbakst og bakepulver. Dei siste vart servert til kaffen om ettermiddagen. Vi gledde oss til det.
Vi hadde to lærebøker: Husmorboka som eg omtala fredag, og Kokeboka, der dei tok for seg ulike matvarer, korleis dei skulle lagast til og oppbevarst, kost for ulike grupper og spesialkost.

I handarbeidsvekene arbeidde me med vevstolar, og me sydde og strikka. Eg klarde å klyppe skjørtet i størrelse 44 i staden for 36, så lærarinna hadde aldri tilpassa eit skjørt som sat så dårleg. Men med felles innsats vart det bra, med fald bak og håndsydde kasta sømmar. Eg bruka det ei stund.
Eg vov ein løpar, og ein duk som eg enno har.

I vaskekjellaren var det sjølsagt vask av klær, me lærde å fjerne flekkar, av feitt, bær og mjølk. Vi  stiva og rulla dukar, strekke ut  hekla dukar  vi først hadde stiva, vi strauk klede, til og med undertøyet (!), strauk skjorter og bunadskjorter. Vi hadde praktiske prøvar i det meste eg har nemt .
Vi var ute og lærte poding og beskjæring av tre, og vi var i fjøset og skulle lære å bruke mjølkemaskin. Ikkje ein innertiar for min del det heller, små fingrar som eg hadde. Eg oppnådde aldri å utøve den lærdommen.

Elevane på parti I laga frukost, og det vart servert brød, rundstykker og heimelaga rundstykker , i tillegg til vanleg  og heimelaga pålegg.
Eg trur det var parti II som laga kveldsmat, og vaska opp etter maten. Det var plikt å møte til måltida,og du måtte gi beskjed om du vart vekke.

Siste dagen var det stor avskjedsmiddag, der foreldre var inviterte, og me fekk vist fram kunstane våre, med trerettars middag, kaffe med stort kaffebord og utstilling av elevarbeid.


Det var eit interessant og lærerikt halvår. Me lærde å planlegge arbeidet, å lage mangt og mykje frå skratsj, og verdien av eit godt kosthald, å bruke restar, og  vedlikehalde hus,  klær og sko . Mange hadde retta ryggen og fått ny sjølkjensele etter å  ha fått jobba praktisk og lært seg eit yrke.Det var ein forhodlsvis ny skule, og unge lærarar som hadde lært det siste innan sin profesjon. Omgivnadene var fantastiske, ja eg vil nesten sei herskapelege! Vi var stolte av husmoryrket då vi avslutta 5 månaderskurset med vitnemål .  


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar