Bestemor i Indre Arna

Då eg var nå år flytte bestemor og bestefar. Bestefar hadde selt garden til eldste sonen sin, og no skulle dei etablere seg på nytt. Det bestemor kanhende drøymde om i sine første gifte år i Bergen, vart no røyndom. Bestefar hadde enno langt att til pensjonsalderen, så dei bestemde seg for å slå seg ned i Seimsmark i Indre Arna. Bestefar kunne pendle til jobb,Tok buss til Indre Arna og tog til Bergen.Han  kome heim kvar dag til ferdig middag.
 Dei budde først i ei kjellarleilighet på 3 rom og kjøkken, så vidt eg hugsar. Berre yngste onkelen min budde heime, og gjekk resten av  folkeskulen på Garnes.
Bestemor hadde pluseleg berre ei lita leiligheit å stelle i, og ho hadde varmt og kaldt vatn, dusj og vaskemaskin. Derfor tok ho til å strikke for ei forretning i Bergen, og strikka mange trøyer, gensarar, babyklede og anna som butikken selde. Ho broderte og hekla, og mange fine ting produserte og ho til seg sjøl og slekta  i åra som kom.

I  den første tida  besøkte  vi dei når far hadde ærend til Indre Arna for å kjøpe materialar hos Haldor Brudvik, og det var alltid stas å kome til ho bestemor. No hadde ho tid, og pusla rundt oss. Vi fekk saft, kjeks og kaker, og kjende oss viktige og verdifulle.
Seinare kjøpte bestefar og eine onkelen min tomt litt lenger nede i Seimsmarka, og bygde ein tomannsbustad der. Tomta var bratt, men det var fint utsyn over fjorden og mot andre sida av Indre Arna.  Etter kvart vart hagen fyllt med buskar og plantar, som blømde heile sommaren, og med ein del bær og bærbusker, sjølsagt.
Huset var over 2 etasjar, med soverom og bad nede, og stove og kjøkken oppe. I gangen oppe var eit lite kott som var plass til ei seng. Der kunne me overnatte, når me var på vitjing. Seinare sov vi i stua.
Den yngste onkelen min flytte ut og starta på utdanning, og ein eldre funksjonshemma onkel flytte inn. Dei fekk TV, og reiste på feriar til barna i Oslo, Leiknes og Fyllingsnes. Først leigde dei motorbåt, og drog ut Arnafjorden, gjennom Sørfjorden og inn Osterfjorden,  for det var enklast. Seinare når kommunikasjonane vart betre,vart det buss, tog og båt for å kome fram.

Når vi kom på besøk, hadde bestemor tid. Det var som å stille klokka til eit seinare læge.Vi hadde lange og seine frukostar, me vaska opp for hand, og samtala medan strikketøyet var framme. Det vart vel til at me sa meir der enn heime, mange gonger, fordi det var ei som hadde ro og var levande interessert i oss og det vi sa.
Hjelles (?) bakeri  låg ti -tolv meter unna, og det høyrde med ein tur dit, og bestemor kjøpte skillingsbollar og tebrød og me kosa oss  saman. Det var ein butikk der og, og me var med på handleturen, og kjende oss viktige og betydningsfulle der me gjekk i den vesle supermarknaden og handla saman med bestemor. Ofte kjøpte ho frukt eller bær som me kunne ete.


Til middag var det dekka på stovebordet, med brodert duk.Litt spesiell middag, fordi vi var på besøk,  for eksempel kjøttkaker.  Bestefar var kome heim, eller vi åt før han kom nokre gonger. Det var alltid saft til maten. Vi prata og kosa oss..
Bestefar kom heim i 5-tida. Han åt og kvilde middag, og dei siste åra før han vart pensjonist, var han nok sliten av arbeidsdagen. Vi hadde ikkje så god kontakt med han, for han var mykje vekke. Men kveldsmat åt vi saman, og han lærte søstrene mine å ete restar etter middagen, brødskiver i brun saus. Dei var enige om at det var ei delikatesse!

Då besteforeldra mine hadde flytta i nytt hus, kjøpte dei seg så småningom heilautomatisk vaskemaskin. Det var eit vidunder! Bestefar sat på ein krakk og fylgde heile første vasken. Det var som å sjå fjernsyn, sa han!
Bestemor i Arna hadde alltid tid for barnebarna sine, og fylgde med korleis det gjekk med alle. Ho besøkte familien, og det var alltid gildt å besøke henne og bestefar.
Eg hugsar at eg sa i gravferda -Ho fekk meg til å kjenne meg spesiell.  Så svarar eit av syskenborna
mine: - Ja, ho gjorde det. Så gjekk det opp for meg at ho hadde sett, brydd seg om og formidla det til kvar enkelt av oss. Tenk å få 19 barneborn til å kjenna seg sedde og verdifulle! Det er eit godt ettermæle!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar