Bestefar på Hjelmås



Far reiste ofte på søndagstur med oss ungane. 2-3 ungar inn i Opelen, Vi vinka til mor som hadde sundagsmiddag og husstell , og så køyrde vi avgarde. Over nybrua over Leiknesvågen som kom i 1949, opp Sudmannsbrekka, gjennom Hillesvåg, som nesten ikkje hadde nokon hus,  opp og ned Apalen, som også var nesten tomt for hus, gjennom Grovæ og opp til bestefar på Hjelmås. Han budde saman med yngste son sin, og då han reiste ut, var bestefar åleine i eit hus som til tider hadde vore så overfyllt at det ikkje var senger til alle ungane og andre familiemedlemmar.
  Sundag var heilagdag, så då arbeidde ein ikkje. Ofte kom det besøk, og så diskuterte ein små og store problem, om dei sørom fjorden som hadde alle godane, om vegar og Gerhardsen som styrte og ikkje slapp andre til. Bestefar vart ivrig, og gjekk til omnen og spytta så det freste, og tok seg ei ny skrå. Han likte å diskutere, og var ofte ueinig. Vi ungane høyrde på, eller tok oss ein tur ut i hagen, på utedoen eller fann oss andre ungar i nabolaget  å leike med. Han hadde ofte drops. Kongen av Danmark var ikkje ein innertiar, men kamferdrops gjekk an.

Bestefar låg ikkje på latsida på sine gamle dagar, men sette opp eit  toetasjeshus med fire leiligheiter, som på folkemunne vart heitande Pittersburg. Han leigde ut til sjømannsfamiliar, mest  frå Bergen. Så gjorde han i stand til industri i kjellaren på huset, og der var det bakeri og kafe ei stund. Bakaren selde til butikkar, og hadde brødruter rundt på bygdene. Kafeen vart eit lite samlingspunkt, og hadde jukeboks. Det var spanande og eksotisk, og me ungane måtte og prøve han når me var innom og kjøpte skillingsbollar. Blue Hawaii og søstrene Bjørklund  var nokon av titlane.
Bestefar  bygde sag nede ved vegen, og etterkvart sette han opp enno eit utleigehus oppå saga. ( Den var ikkje bygd på biletet)Der var det kafe og  leilighet.  Det verka som han heile tida måtte ha noko å gjera, og arbeide vidare. I våre dagar ville han nok bli kalla grundar, trur eg.
Vi sykla også for å besøkje bestefar. Han arbeidde på saga si, vi helste på han, prata litt, leika med ungar i nabolaget, fekk kan kanhende litt mat, og reiste heim att.




Ein dag eg hadde ein slik tur, kjem naboen og seier - No bryt det laust att! Engelskmannen har sendt krigsskip til  Suezkanalen. Dei vaksne prata, og eg lista meg vekk, og  gøymde meg på utedoen. Det var elleve år sidan verdskrigen slutta, og eg hadde heile mitt liv høyrt om kor vondt og vanskeleg den tida var. Eg tørka tårer og bad til Gud at me måtte sleppe krig.  Så ropte eg farvel  til bestefar og reiste tagal heim.

Bestefar var husleg, og flink til å laga mat. Han var og flink med blomar, og viste stolt fram den store kaktusen som blømde med mange og nydelige blomar. Han let den stå kaldt med lite vatn, og så gjødsla han og vatna den når det var tid for å setja knoppar. Eg var svært kry over å ha ein bestefar som kunne stelle blomar! Det var ikkje mange andre karar som kunne.


På sine eldre dagar dreidde han bollar, lysestakar og andre ting i tre. Han laga vogger og kubbestolar Vakre ting, og ofte fekk me som kom på besøk velge ein liten ting. Eg fekk både bollar og lysstakar, og ein av dei har eg enno.
Bestefar var nok litt deprimert på sine eldre dagar. Han merka vel at kreftene minka. Han kunne ringe til mor og fortelje at no var det ikkje lenge att av livet.  Vi ungane besøkte han, og då låg han ofte på den gamle divanen i stova, kjende seg sjuk og såg negativt på ting. Me måtte finne oss kjeks, kaker og saft sjøl, eller koke på kjelen. Men når kjelen hadde kokt opp, og kakene kom på bordet, livna han til, prata og tulla litt, så då me skulle gå heim att, fylgde han oss på trappa og såg oss vel på heimveg.
Dette var litt om bestefar på Hjelmås. Har de andre minne?
For dei som vil lese meir om bestefar og slekta hans, anbefaler eg
"Adle dei bødnæ" av Erling Hagesæter, 2011  og " Slekta etter Petter Martin Hagesæter "av Kari Hagesæter Eidsheim 2010


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar