Det er rart å tenkje på at då eg vaks opp var me meir   avhengig av høyrsla for å få informasjon. Me las, og nokre bilete var det i bøkene, men mest av alt skapte det vi las indre bilete av hendingane vi las om
Men vi høyrde på radio, og der fekk me mykje av informasjonen vår, og underhaldninga. Vi såg ikkje det som vart sagt, så vi skapte oss indre bilete av det som vart sagt. Så tok fantasien over, og vi leika rolleleikar og dikta vidare.

 Alle born som var heime  på dagen høyde på barnetimen frå 8.40-9.00. Vi sat andektige og lytta, og song med i songane, lytta til forteljingane og vart kjende med dei ulike programleiarane og figurane dei fortalde om. Torbjørn Egner fortalde om Karius og Baktus, og vi pussa tennene nøye etter den forteljinga! Vi høyrde om tante Sofie og røvarane i Kardemommeby,, og var glade då alt enda godt. Det fine med desse forteljingane var at konfliktene var spanande, men dei vart løyste. Livet kunne gå vidare, og vi slapp å gruble på uløyste gåter. Doktor Dyregod hjelpte dyra i Afrika, og dei fekk hjelp og vart friske. "Dyrene i Afrika " var ein slager for oss ungane, og vi song på den. Kven kunne formidle Ole Brumm som Torbjørn Egner? Eg høyrer enno bjørnen sine replikkar med Egners stemme. " Bamsens fødselsdag vart sungen både titt og ofte.


Anne Cath Vestley fortalde om Ola Aleksander Filibom, bom bom, og Alf Prøysen song om sparegrisen som fekk eitøringen sin. Me hadde  sparebørsa klar, fekk eitøring hos mor, og rista i veg.
Starten på sparing!  Prøysen hadde så mange fine songar. " Helene Harefrøken" og " Nøtteliten" som heldt på å kome for seint på skulen skapte gjenkjenning for mange av oss.

.
" Her kommer barnetimen, her kommer barnetimen" lydde det gjennom eteren. Det var lørdagsbarnetimen, barnetimen for dei store. Vi skofta sjeldan den. Onkel Lauritz og tante Sonie var programleiarar, og tok oss gjennom timen frå 6 til 7 på laurdagskvelden. Sang og konkurransar, barn i studio og reportasjar, og ikkje minst høyrespelet! Av og til var det  framhald, men ofte enkeltståande episodar, med stemmer og lydeffektar og musikk for å gjera historia spanande. " Stompa" , forteljinga om gutane frå ulike kantar av landet på internatskule med den umulige lektor Tørrdal var ein innertiar.

Barnetimeboka, der tilhøyrarane skreiv inn forslag til ei påbegynt historie, var eit anna høgdepunkt.
"Toya" om flyktningejenta var spanande. Den vart seinare film, og då såg me den på bygdekinoen på Hjelmås. Elles var "Petter frå Ruskøy " ei annan av desse bøkene.

Alle hadde radio, ein stasjonær som stod i stova. Nokre hadde høgtalarar på kjøkkenet, slik at dei som arbeidde der kunne høyre medan dei arbeidde, og etterkvart kom reiseradoen, Kureren som kunne gå på strøm og batteri, og som du dermed kunne bære med deg ut, og ta med både i hagen og badestranda.


NRK var statseigd, og skulle drive folkeopplysning. Seinare,i 50-åra vart det lagt meir vekt på underhaldning og stoff frå distrikta. NRK hadde monopol på å sende i Noreg, og sende på ein kanal, men hadde nokre sendingar på lokalradio, f.eks. i Bergen. Der hadde dei ein lokal barnetime med mellom anna Kallemann og Amandus, nokre lokal tjuaguttar som fann på mange sprell.
 NRK hadde også ein radiokanal som sende program  på kortbølgje. Dei kunne høyrast av nordmenn i utlandet. Vi fann den, og høyrde på den, men det spraka mykje, og av og til fall sendinga ut.
Det kunne NRK gjere og. Ein sendar på Voss eller Ulrikken kunne falle ut, og så var radioen daud, enn så lenge.
NRK sende ikkje heile døgnet. Fram til på 70-talet starta dei  klokka 6.45, hadde to pausar frå klokka 9.00-12.20 og 14.00-1600 og avslutta sendingane kl.23. Dei avslutta med fedrelandsangen, så vidt eg hugsa.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar