Bestemor på Leiknes



Bestemor var frå Mundal. Ho var nr.4 av 5 søsken, og gifta seg med ein frå Leiknes som arbeidde i Bergen. Dei første 5 åra budde dei der, i ei kjellarleilighet, og hadde nok tenkt til å bli i byen, hadde det ikkje vore for at bestefar hadde odelen på heimegarden, fordi alle dei eldre brørne hans hadde reist til Amerika. Dei skreiv odelen over på bestefar, derfor reiste besteforeldra mine til Leiknes att, og bestemor vart gardkjerring på eit lite småbruk utan innlagt lys og vatn, medan bestefar fortsette å arbeide i byen, noko han var nøydd til for å få endane til å møtast. Dei hadde då tre born. Seinare kom det 4 til.
Innlagt straum kom først i 1940. Oldefar var ikkje einig med kraftlaget om kvar lina skulle gå, og kraftlaget la derfor lina over naboen sin grunn. Naboen fekk innlagt straum, medan oldefar/ bestefar måtte betale for tilknyting, og bruke parafin i fleire tiår til.

Oldefar budde elles  i  nordre stova dei første åra etter bestefar tok over, for noko av dealen var at han skulle ha tilsyn på sine eldre år. Aldersheimar fanns jo ikkje på landsbygda.
4-5 kyr , ein hest, nokre sauer, ein gris og nokre høner var dyrebestanden i eit lite gamalt steinfjøs, der det ikkje var innlagt vatn, og lys den første tida.
Mjølka vart nedkjølt i florskjelda til det var tid til å bera henne på meieriet. Fjøset var på eine sida av køyrebrua,medan hesten og sauene heldt til på andre sida. Kyrne vart mjølka to gonger for dagen, og om bestefar kom heim i helgane, så var fjøset bestemor sin jobb også i helgedagane. Bestefar låg lenge, og leika med ungane og las for dei, og dei stod alle opp til ferdig frukost som bestemor hadde gjort  i stand då ho kom or fjøset. Etter middag og middagskvild, og litt nonsmat, så tok bestefar båten til byen der han budde på hybel i vekene. Sannsynlegvis hadde han med litt middagsmat og brød i ryggsekken til dei første dagane.
Bestemor heldt fortet heime. Forutan fjøset var det matlaging, klesvask som vart koka i kjellaren, skyllt i elva og hengt til tørk på snora ute. Det var ma. vedfyring, saging og hogging av ved, handling av varer og parafin, mjølkebæring, golvvask, barnestell og fostring og hjelp til den gamle. Ho hadde taus til hjelp ei stund, men då mor vart 11 år, måtte ho ta over pliktene som tenestejenta hadde..

 I onnene hadde dei dreng, som tok det tyngste arbeidet med møkkaspreiing, pløying, potetsetting, vøling av gjerde, slått og potetopptak. Men om sauene eller kyrne kom på eit jorde dei ikkje skulle, måtte bestemor springe. Dei måtte også ty til mannfolkhjelp frå svogeren, han Arthur på Kleiva, fordi bestefar ikkje var heime.
Bestemor budde i nabohuset dei første åra, fram til me flytta til Flossvik og besteforeldra flytta til Indre Arna. Ho hadde alltid mykje å gjera, sjøl om dei halvvaksne onklane mine måtte ta eit tak med vassbæring, vedkløyving og dyrestell. Vi ungane var alltid velkomne, og eg leika mykje med yngste onkelen min, som var to år eldre enn eg. Eg hugsar at ho hadde oppsett hår, innkrølla nede ved nakken, og at ho alltid brukte forkle, sikkert for å beskytta kjolen.
Dei hadde tosetars utedo, med rikeleg ukeblad og aviser. Ei god avkobling, og turen inn dit tok alltid ekstra tid.
 For oss ungane var det haugar og risdungar og mange gøymeplassar når me leika ulike slag gøymsler. Bestemor hadde rips,solbær stikkelsbær,epler, pærer og plommer, og me ungane smaka. Men ho hadde også eit surapaltre. Eg skjøna aldri kvifor ho hadde det!
Like ved stova var det ein liten jordkjellar. Det var spanande å vere med bestemor å hente poteter der, eller andre ting ho hadde sett inn til kjøling eller oppbevaring.Det var mørkt, så ein måtte ha med lommelykt. Saman med kjellaren var han  den tidas kjøleskap.Det var ein kjellar under huset  med gamal grue og ein liten brunn som me fekk streng beskjed om å ikkje nærme oss. Så djup var han vel ikkje, men vi var små.
Om sumaren gjekk kyrne i utmarka, og bestemor mjølka dei ved vårfloren(?), eit steinhus som hadde sett sine beste dagar. Så vidt eg hugsar mjølka ho inne i huset når det regna, og utanfor når det var fint ver. Etterpå vart kyrne slept på beite att. Ei lita elv eller bekk rann gjennom dalen, så kyrne hadde rikeleg å drikke.

Ja, det var litt om bestemors dagar som småbrukarkone på Leiknes, slik eg har fått det fortalt, og noko eg sjøl hugsar. Kjem eg på meir, vert det fortalt seinare.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar