Bestefar på Hjelmås 2



Denne delen av historia om bestefar har eg lese i bøkene til Kari og Erling, eller høyrt frå mor.
Eg nemde at bestefar var grunder. Men for å gjera biletet komplett, må eg fortelje om alt det andre han jobba med, før mi tid.
Då han budde på Eikång, starta han tricotasjefabrikk, og hadde 3-4 kvinner i arbeid.  Huset han bygde for dette arbeidet brann ned. Han lika ikkje så godt å vera bonde, og i 1928 flytta han med kone og 6 ungar frå Eikång  til svigermor på Knippevehaugen på Hagset.  Den tidlegare svigerfaren hans hadde teke garden tilbake,  og bestefar måtte flytte med nykona og 6 ungar. 


  Han hadde kjøpt tomt til hus på Hjelmås, på Lynghaug, og plass til å setje opp sag i Grovæ , også på Hjelmås.Materialar til det første huset saga han på eiga sag, og fekk hjelp til å setja det opp. Først lånte han sag hjå Brakvatne, seinare sette han opp si eiga sag. Han saga for andre ,og  fekk også sett opp høvleri  i andre etasje, kai og slipp for båtar.
Det første huset, som seinare vart løe og  uthus, fekk han sett opp like etter han flytta, og her budde familien på 8 i 5-6 år. Det andre, eigentlege huset med skifertak og ark, sette han saman med andre opp i 1936. Her flytte så familien, som då var auka til 10, inn.  Bestemor, mor til kona, flytte også inn. Fleire skogsteigar kjøpte han innetter fjorden, fekk saga ned, fløytte det ut til saga si, og saga materialar, både til huset, og ikkje minst til sal.
Mange bønder kom og med materialar, og fekk dei saga på saga «hass Pitter»

Ullvarefabrikken i Hillesvåg hadde open vassrenne frå Haukåsvatnet til fabrikken, og dei trengte  ei ny vassrenne, og bestefar saman med sønene konstruerte  og sette opp eit røyrsystem av tre som  gav stødig vasstilførsel, utan at røyrleidninga lak vatn. Han saga sjølv trestavar på saga, og laga  hakk eller plog i enden for å halde stavane saman, og brukte stålband rundt med 60 cm mellomrom for å halde røyrleidningen saman. Truleg brukte han all kunnskap han hadde lært seg både på saga, på høvleriet og gjennom båtbygginga for å få leidninga til. Det var mange som arbeidde med å setja sama sjølve røyrsystemet, men bestefar var primus motor både i planlegging og gjennomføring.  Leidninga vart seinare i bruk i mange år.
Han hadde heile tida fleire folk i arbeid, også sine eigne søner. Dei arbeidde trufast for far sin, fekk kost og losji og det dei trengde, men ikkje løn, og etter kvart gjekk den eine etter den andre ut i løna arbeid hjå andre-

Både han og fleire av sønene hans reparerte og ordna båtar, og han hadde båtar både til å frakte større og mindre trelast og buttar med tre til saga si.  I tida før og under krigen leverte han materialar med eigen båt til ein oppkjøpar i Bergen. Under krigen bygde han eit hus til på tomten i «Grovæ». Der hadde han tenkt å byrja med kafe. Huset vart mellom anna brukt til kurs  for å ta kystskippareksamen i 1945, og seinare riven og sett opp på Leiknes.
Han leigde ut båtar etter krigen, og hadde ein del uheldige investeringar. Ungane flytte ut, og bestefar flytta så verksemda si til «Lynghaug», til heimetomta, som eg fortalde om fredag. Her bygde han fleire hus. Det hust han etter kvart bygde over saga, gjorde han mesteparten sjølv, både vindaugskarmar og dører, sette inn vindauge og laga mykje av innreiinga.

Dette var litt om bestefar sine første år. Kan hende andre kan utdjupe det eg fortel.
Kjelder: « Slekta etter Petter Martin Hagesæter» av Kari Hagesæter Eidsheim 2010,
« Alle desse Bødnæ» av Erling Hagesæter 2011


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar