Spøt.




 Det første eg spøta, var sjerf til dokka. Eg hadde ein eller annan barnesjukdom, og måtte sysselsetjast, sidan eg ikkje kunne gå ut, og ikkje kunne få besøk og soleis smitte andre. Eg strikka fram og tilbake, rett på båe sidene. Det vart litt buktete, for det var ikkje så enkelt å hugse å ta av første maska i omgangen, og ei og anna maske miste eg nok, så ho mor måtte fikse ho. Av og til vart det lagt opp ei ekstra maske,  så halstørkledet vart litt større øvst enn nedst.  Men dokka lika det, og var glad for å ikkje fryse  når ho skulle ut.
Så gjekk vegen vidare til rang og rett, til fire strikkepinnar, til leistar og vottar, der sjølsagt mor måtte hjelpe til med å hente opp masker, felle og strikke nokre omgangar når den vesle strikkerska vart motlaus.

Strikkegarnet me bruka kom frå Hillesvåg ullvarefabrikk, så det var kortreist.  Ulla var ikkje tova, så  ein måtte ta høgde for at leistar og vottar måtte strikkast litt store, så dei passa når dei var ferdige. Milo var ikkje vanleg å bruke til ull, så ein brukte Sunlightsåpe når ein skulle vaske finare kledeplagg.

 Dei fleste plagg vart tova i første vask, og gensarar og trøyer kunne nok minka i størrelse etterkvart, men vart varmare etterkvart som dei vart erva. For ullplagg gjekk sjølsagt i arv.
Vottar og leistar vart strikka i grått 3 tråda garn, og til ungane vart det laga render på brotet, medan.  dei vaksne hadde gråe leistar.. Leistar var mykje i bruk, for det var golvkaldt inne om vinteren, og ein måtte dessutan  ha sokkar i både gummistøvlar og beksaumsko, så alle måtte ha fleire leistepar kvar. Garn var dyrt, så det hende ikkje sjeldan at foten i leistane vart utslitne, og så måtte ein  strikka ny fot på brotet.

 Mange rekte  opp garnet på gensararog jakkar og bruke garnet på nytt, eller strikka nytt brot på gamle plagg, for å forlenge dei eller fornye dei.

Men det var gjevt var når du fekk byrje å strikke din eigen gensar eller trøye. Fekk ein kjøpe seg nytt garn var det ekstra stas.  Ein kunne også her kjøpe garn i "udlavågen", og då gjekk ein dit med mønster, og kjøpte det ein trong.

Men når det nærma seg 60-talet, så  var det meir vanleg å kjøpe garn til trøyer og gensarar i Bergen. Då  gjekk ein til ein av handarbeidsbutikkane i sentrum, såg på utstilte modellar, og leita i  permar , om ein ikkje skulle ha same mønster som naboen. Vekeblada hadde strikkemønster, då som no, så det var mange mogelegheiter. Til strikkinga vart nok til at me fekk litt hjelp av dei vaksne, men me gjorde mykje sjøl. Monteringa gjorde mor. Stas var det å koma på skulen i eigestrikka plagg, gjerne med moteriktige mønster og  fargar!

Ull var det i alle vinterplagg på den tida. Vi hadde ikkje fleece.  Ser du på gamle skulebilete frå 50-talet, ser du at dei aller fleste hadde strikka ullgensarar eller jakkar. med render og lus, og mønster på øvre delen.
Strikking var nødvendig, og det var viktig.  Spøtet var i handa på kvinnene heile tida, for det var alltid einkvan i huslyden som trong eit plagg.Eg hugsar at tausene heime hjelpte til med strikketøy som skulle ferdig. Det var også mange menn som strikka. Onkelen min var ein av dei. Eg trur ordspråka i Bibelen var førebilete for mang ei kvinne på den tida:  " Hun frykter ikke snøen for sitt hus, for hele hennes hus er kledd i skarlagenfarget ull. "

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar