Myramarka- den gode vegen til storskulen.



Når  eg skulle gå på storskulen, gjekk eg Myramarka.Det var ein 15-20 minuttar å gå gjennom utmark, som nå er nesten borte, for traseen til E39 går gjennom barndomsriket mitt.
Det var om å gjere å komme tidleg på skulen, Helst først. Radioen stod på, så når Vermeldinga og Dagsnytt byrja, var det tid å finne sko, ransel og yttertøy. Hvis andakten hadde begynt,  og klokka var 8.15, var ein sein, sjøl om skulen ikkje byrja før 9.
Som oftast gjekk me storvegen bort til ledet til Myramarka, og tok vegen over gråberga og myrhola opp mot sjølv  utmarka. Det hende seg at me gjekk ein snarveg, men sjeldan forbi Myramannen sitt hus. Respekta var for stor.

Blokkebær, eit og anna tytebær eller blåbær var å finna, og vegen var steinut men tilrettelagt for hest og kjerre, så du kunne gå tørrskodd. Forbi nokre graner, litt utsikt mot Kleivamarka, før vi snudde mot nord og fortsrtte ned ein liten bakke, der det sildra vatn som laga svell når det vart frost. Eit lee, og så var vi ved Lona, Eit stilleflytande parti i bekken ,der straumen likevel kunne gå stri når det var mykje vatn.

Eit par gonger var straumen   så høg at dei i Myrane kom ned for å hjelpe oss ungane over brua. Då hugsar eg vatnet gjekk over støvlane.
 Kyr kunne det sjølsagt vera på beite, og av og til hest. Kom dei for å helse på, ropa  eg , for eg lika dei ikkje.  Dei i Myrane var ofte i fjøset då me gjekk fordi. Me neia og helste, men målet var jo å vera fyrst på plass i skulehuset.   Triumferande, om vi klarde det. Litt slukørd : Er du her, om nokon hadde kome før oss.
Det var ingen hast med heimvegen. Skulen slutta litt -+ 3, og dert var mykje å oppleve på  ein 20 minuttars utmarksveg. Myramarka var full av ting å oppdage og sjå om. Middagen var ferdig, og vart varma opp.
 Ein kunne hoppe utfor vegen og sjå kor langt ein kom, springe før dei andre å gøyme seg bak trea, leggje seg ned på Lona og sende pinnar under brua.

Var det svell, som det ofte var om hausten og vinteren, måtte dei prøvast, både med sko og på magen.  Eit lite steinhus med halvt tak gav grobotn for fantasien. Me lista oss inn, sat på steinbenken og tenkte på tida før, så gjekk me  vidare.

 Nokre graner var fine å springa inn under, og der fann me kongler, og elles kunne sin sjå kor langt inn under dei ein kom , før greinene stoppa vidare ferd. Det var gauksyre og jordnøter, og litt lenger framme var det myrar med myrull som ein ikkje kunne laga bomull av.  På myrane kunne du hoppe på tuvene , men vera forsiktig så du ikkje datt i blauthol du ikkje kom oppattor.Det gjekk nokre hårreisande historier blant oss ungane om dei som hadde blitt verande i myra, eller nesten.
Elles var det  dammar å vasse i, eller hoppe og knekkje is på når frosten kom.

Når vi kom så langt at vi såg heim, kunne me anten klyve over garden hjå Myramann, eller fylgje vegen . Det vart helst til at me klauv garden når han ikkje var heime, elles tok me den steinute og blaute vegen ned til storvegen. Der var det blokkebær, det kunne vera svell om vinteren, og spanande graner og  furuer til å utforske.

Etter vegen var det stabbesteinar du kunne gå utom, du kunne undersøke krattskogen på nedsida av vegen, eller klatre i steingarden under vegen. På øversida var det ein spanande sigle- og vassedam, der ein måtte undersøke kor høgt vatnet nådde på støvlane.
Nei, vegen heim var alltid spanande, og den oppverma middagen kunne  venta!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar