Julebesøk hjå andre ungar var vanleg

Me ungane vart bedne på julebesøk til kvarandre. Det var ofte dei vi leika med, eller dei som vi hadde mest omgang med som bad venene sine.
Me kledde oss fint, i julekjole eller matroskjole, og ofte hadde me finsko med i ei veske. (plastposen var ikkje funne opp).
Høgtideleg innbeden til eit visst tidspunkt på ettermiddagen, steig me fram og banka på døra. Ein måtte banke på, når ein kom i så fint ærend. "Vertinna" lokka opp, og me kledde av oss yttertøy og tok på finsko. Det rosa perlebandet eg hadde fått då onkel Rasmus frå Amerika kom på vitjing til Noreg, var det naturleg å bruke ein slik dag. Det var elles dårleg i låsen, og såleis til spesielle høve.

Var me hos  syskenbarnet mitt,Oddveig, starta vi alltid med å springe etter kvarandre rundt i første etasje, for det passa så godt, fordi det var dører heilt rundt frå gang til kjøkken, til spisestue til stue til gang igjen. Frykteleg moro, men så sa tante Solveig stopp, og me sette oss prydeleg i kvar sin stol og snakka om julegåver og andre ting som hadde hendt sidan me sist møttest.

Spisebordet i stua var dekka med fine koppar, og snart var kakaoen ferdig. Me vart bedne til bords, og sang bordvers, før  me hogg inn på påsmurte skjever med ost, fårepølse, egg og ansjos og av og til rull og sylte. Godt var det, Etter maten song me igjen, og gjekk stad og takka mor i huset for maten med å ta henne i handa og neia.

Så var det tid for å gå rundt juletreet. Var det ikkje mange nok, fann me dokker og bamsar slik at ringen rundt treet vart full. Me song dei tradisjonelle julesongane, som "Eit barn er født," Fager er den himmelblå", og avslutta med  "Så går vi rundt om en enebærbusk"og "Bro , bro brille". Vi vaska og skyllte og gjekk til kyrkje og heim att,  og valde side og drog av alle krefter for at vårt lag skulle vinne!










Juletreet var sett tilbake til kroken, og så var det tid for juleleikar. Det hadde vi mange av. Nokon var sendt på gangen, og så var vi einige om kva vi skulle tenkja på, Leiken fanst i mange variantar, og av og til vart me ueinige om reglane, og kunne vera ordentleg høglydde, men det løyste seg.
Vi sende saksa kryssa eller ukryssa, og puten gjekk frå den eine til den andre med godver eller styggver.
Alle vart sendt på gangen, og kom innatt og fekk velje mellom kongemat eller dronningmat, som var salt eller sukker. Me sat på forundringsstol og "pissa" på oss, eller fekk beskjed om å lyfte føtene høgt på grunn av imaginære ting på golvet medan me gjekk fra a til b.


Vi leika blindebukk og sette hale på grisen.  Med bind for auga skulle me spise eple i vaskefat, og etterpå leite fram eit eller anna i eit fat fyllt med mjøl. Det var mykje moro, og eg reknar med at lydnivået var høgt medan vi leika oss.
Tid til pause var det, og då fekk me julekaker og oppskoren frukt. Av og til vanka det saft.Godt og leskande etter ivrig og hard leik. Dei fleste heimar hadde sine spesielle småkaker, og for meg var det greit å smake på Delfiakake og krumkake.D
 Kanhende leika vi litt til, fann rolege leikar, las  julehefte, ludo eller gnav. Så var det tid for heimferd. Me takka fint for oss, kanskje i handa, og så skifta vi  til utesko og kledde på oss. Lommelykta var med, for me skulle gå etter mørke vegar heim, med holer og stein.  Det var godt å ha lys. Lykta var og eit vern mot mørkeredsle. Du kunne lysa på det skumle.
Desse besøka var artige, og vi kosa oss. Men vi lærde litt om vaksenrollen, om høvisk oppførsel og samspelet i leik. Mødrene var heimeverande, og tok seg tid til å stelle i stand. Er det slutt på slike besøk no?


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar