Småskulevegen.


I dag står det barn og ventar på bussen.  Eller dei vert køyrd i privatbil. Dei køyrer nesten frå dør til dør. For å få fysisk aktivitet, må dei seinare køyrast på svømming, fotball- og handballtrening.
Trygg trafikk skriv dette om skulevegen:
  • Der det er mulig bør barna gå til skolen, gjerne sammen med voksne. Frisk luft og fysisk aktivitet gir elevene en god start på skoledagen.
  • Øv på skoleveien sammen med barna.
  • Foreldre eller andre voksne kan samarbeide om å følge og hente barna på skolen hver sine dager.

Det var annleis før. Eg byrja på skulen i 1953, og gjekk mine første tre år i bedehuset på Midtgard. Me gjekk annankvar dag, og hadde skuleveg der me måtte bruke føtene. Det som slår meg er tryggheita på vegen. Du kjende dei du gjekk forbi, dei fleste var eg i slekt med. Bli med på skulevegen min!
Grønrutete ransel, trepenal med blyant, viskelær og etterkvart pennesplitt og linjal. Lese- skrivebok, etterkvart bibelsoge og salmebok, flaskemjølk og matboks.  Eg var klar for ein ny skuledag.
Over tunet, forbi garasjen og hønhuset, bringebærhagen og gjennom leet som skilde heimen min frå Lundalen, garden til bestefar.

.Eg gjekk så 50 meter på den ulendte køyrevegen, forbi ei hestemaurtue som vaks seg større og større dei åra eg gjekk der. Interessant å sjå maurane, men etterat dei beit meg i eit uoppmerksamt augneblink, såg eg meg føre. Dei vart mine fiendar. Forever!
 Ein steinut stig med ein liten oppoverbakke var neste etappe, med older, bjørk og gran på øversida, litt engsmelle og eit og anna blåbær i sesongen på nedsida . Det seinka farten, før stigen flata ut, og førde forbi nokre bjørkestranter og nokre blokkebærtuer som eg tok smaksprøvar av på hausten.

Steingarden som skilde Lundalen frå Bernhard og Stella sin gard,  var skeiv og falleferdig, og det  kunne berre klatrast på utvalde stader, elles fall steinen ned. Med to eldre onklar som som eg leika med der på haugen, visste eg om fårane og styrde unna, enno så glad eg var i å klatre. Too risky.
 Eg kom til det vesle ledet, og såg nedover dalen, storvegen og det vesle huset hass Askildolabernt under rinden med hassel på andre sida av vegen.. Å late att grinda var barnelærdom for ein 7- åring, for sauene og hesten til bestemor måtte ikkje koma over til naboen.  Det var katastrofe.
Den smale steinute stigen bar nedover no, over jordet til naboen. Der måtte ein  halde seg til stigen, og ikkje trakka i graset, og såleis gjerde slåtten til naboen mindre, slik at kyra fekk for lite høy til vinteren. Vi hadde høyrdt historier om kor vanskeleg det var å slå der graset var trampa ned, og passa på å gå tråkket som var der frå før.
Ei ny grind, litt større denne gongen, og så låg huset hass Magnus på høgre hand.  Der kunne ho Magna kome ut med ransel på ryggen, men ho var stor og gjekk i storskulen, så vi tala litt, og eg strekte meg mentalt, inntil ho møtte veninner som var jamaldringar. Då var eg for liten, og måtte ta til takke med ungar på mitt eige nivå. Stigen var no hestekjøreveg, men framleis ujevn og steinete.

På venstre sida var ein akebakken for oss ungane, der du kunne få skikkeleg stor fart om du gjekk heilt opp til steingarden.. På høgre sida låg den rikhaldige hagen hass onkel Arthur, onkel til mor,  med flust opp av frukt- og bærtre. Respekta for annan manns eigedom var stor, så det var ikkje tale om å raspe seg nokre bær på vegen forbi, men det hende tante Martha var i hagen, og tilbaud ein ripskonk eller to, eller nokre bringebær.
Vi gjekk rett fordi huset deira, på Kleiva, og det hende dei kom på trappa i det same. Eg neia og helsa, og nokre ord vart veksla, om kva mor heldt på med, og at eg var blitt stor skulejente, før eg gjekk forbi fjøset og løebrua.Om katten viste seg fekk den ein klapp eller to..

 Vi kom ned på storvegen. Han var gruslagd, og vegvaktaren gjekk haust og vår og drog noko av grusen frå vegkanten oppi dei verste hola. Kom det grusbil og grus, nokre gonger i tiåret, var det snakkis. Ikkje det at det kom så mykje køyrande. Mjelkehestane frå Midtgard, Øvstegard og Hodnesdal, og ein og annan bilen. Far min var vel den einaste som hadde bil i Dalebygden på den tid.  Her møtte me andre ungar, og stod gjerne å venta om me såg dei nede i vegen. Kanhende hadde dei fenge ein ny gensar eller nye sko, eller vi sjølve eit kledeplagg, som måtte kommenterast. "Slitan" , var det vanleg å sei. Me skrytte, og dei som hadde fått plagget, syntes ikkje det var så svært, sjøl om dei eigentleg var krye. Slik var skikken. Du skulle ikkje framheve deg sjøl og ditt. Det lærde ein tidleg.
Vi hoppa over vaskebrett, eller i dammane om det nett hadde regna. Var det frost, måtte vi hoppe på den sprø isen, og sikre oss at den var knust før me gjekk vidare.
Haust og vår vaks det blomar i vegkanten. Blåklokke, engkarse,raudkløver og prestekrage var nokre av sortane,  og me plukka kanskje ein kvast til lærarinna, som sjølsagt vart glad for omtanken.
Nå var eg kome ut av komfortsona. Her budde det ikkje slekt og kjenningar lenger.

Det var litt skummelt over Leite.  Der budde det  store gutar  som gjekk i storskulen, Dei sykla, slengde med kjeften og viste seg fram, og det kunne dessutan beita kyr når vegen. Det var grindar mellom kvar gard, slik at bonden kunne sleppe ut dyra på eigedommen sin. Her gjekk me roleg med anden i halsen haust og vår.
Neste stopp var bedehuset, stort i våre augo, men det krympa mykje då eg vart vaksen. Me gjekk inn gjennom kjøkkendøra, hengde kleda på knagg, og vidare inn i den store salen med stor takhøgde.

Om vinteren kunne vegen ha svell, og då måtte me gå forsiktige. Men det gjekk an å skreia både på sko og kjelke, og istappar var gode å suga på. Me drog med  kjelke og gjekk på ski, og nytta ut nedoverbakkane på vegen, og tok ein liten tur oppom akebakken på vegen. Det var skam å koma for seint på skulen, men det hende at naturen gjekk over opptuktelsen når det var mykje å ta seg til på  den 15-20 minuttar lange strekninga som småskulevegen min var. Takk for turen!


 
Skilnaden til i dag er stor!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar