Fordums glans(bilete)






Vi hadde glansbilete, og vi leika med glans. Vi hadde glansbiletebok, og limte dei vakraste bilete inn i i bøkene. Då eg var liten, like etter krigen, brukte me lim laga av kveitemjøl og vatn. Når du hadde fordelt limet på baksida av glansa og festa dei på papiret i boka, så åt du opp resten av limet. Enkelt og greit. Seinare fekk me kjøpe lim på tubar, og då måtte vi vera forsiktige så vi ikkje fekk lim på fingrane, eller limte fingrane fast til papiret.

Men glansbilete var ikkje berre i boka. då var dei på ein måte faste, og du brukte dei til å sjå på, eller du sat og såg på dei og samanlikna med dei venninna di hadde.





Vi bytte og glans med kvarandre. Dei låg ofte i  fine metalløskjer, og der var dei, englar, sauer og babyar, vakre blomsterbilete, fine damer og eventyrfigurar. Det var store og små glans. Eit år, eg trur det var rundt jul, kunne du kjøpe bilete som hadde glitter på seg. Dei vart fort ein hit, og vart sett på som ekstra verdifulle. Vi Hadde øskja med glans med oss når vi skulle på leikebesøk. Vi såg på dei saman, og me bytte dei med kvarandre..

Når vi bytte glans, var det reglar Store vakre englar og eventyrfigurar måtte du gje to eller tre glans i byte for, eller kanhende eit glitterglans. Bytta du med yngre søsken, så hende det nok at du var djevelens advokat  for å få eit ettertrakta bilete utan å leggje ut for mange sjølv. Men dersom andre forsøkte å lure veslesøster, så var du moralens vaktar, og sørgde for at ho fekk det biletet var verd.

Glansbilete hadde dei av og til på butikken på Leiknes, men mest vanleg var det å kjøpe arka med bilete i Madsens bokhandel på Bryggen. Å stå der foran disken og skulle sjå på glansbilete , og ekspeditrisa kom med ein heil haug med  ark. Det var ark med store og små englar, Snøhvit og dei 7 dvergane, blomster, dyr og mykje meir! Du stod der og såg, valde  og valde på nytt. Det galdt å få dei vakraste bileta med seg heim! Det tok tid å velge. Så sat du på båten heim att og såg på vedundra, og gleddde deg til å koma heim og finne ei saks og klyppe bileta frå kvarandre, og seinare ta dei med på skulen og vise dei fram, og bytte.

Du fekk glans til jul og bursdagar. Fint innpakka, eller rulla saman i papiret, for å gjera det meir spanande for mottakaren.

Dei vakraste englane hang over senga di. Du kjende deg trygg med ein stor engel med
 lysebå eller lyseraude venger,  og ditto farga sky,  som vakta over deg. At dei ikkje var så like englane frå Bibelen anfekta ikkje. Barnetrua på beskyttelse fungerte, og etter ei bøn om at Gud Fader måtte ta oss i varetekt, sov me godt-

No er det annleis. Då eg gjorde research , fann eg mange bøker som handla om glansbilete, og eg fann sider som selde glansbilete til samlarar, antakeleg folk på alderen min som framleis samlar. 
Men det ser ut som glansbilete som samleobjekt for ungar er borte. I mi tid var dei glansa, farga bileta ei fantastisk verd, ettersom det var lite fargar utan litt i vekeblad. Ein del av vekeblada var framleis utan fargar. Bøkene hadde lite bilete, og TV fanns ikkje. Glansbileta viste ei fantastisk verd, ei draumeverd.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar