Vetlahuset




Om du måtte, var det utedo, vinter som sommar. Om sommaren med mange fluger når du tok av dasslokket, om vinteren så kaldt at det beit bak når du sette deg nedpå.
Alle hadde eit vetlahus, eit lite avlukke der du gjorde ditt fornødne. På mange gardshus var det eit tilbygg til huset, først kom skykkja, og så kom vetlahuset. Om fjøset stod nært huset, så var det praktisk å ha eit avtrde der, fordi mottinga likevel var der. Atter andre hadde eit lite hus litt bortanfor hovudhuset, ofte saman med skykkja og høne- eller sauehuset. Utvendig var det ein krok, og innvendig lukka du med ei treslå. Det var ein benk der, med to runde hol, eit stort og eit lite. Over hola låg  det to runde trelok med handtak.


Det var sosialt å gå dit, og ofte gjekk me fleire i lag, sjøl om me helst brukte det vesle holet når me var mindre. Det verserte rykter om at barn kunne falle gjennom og ned i mottinga. Det ville me ikkje. Særleg hos bestemor var det langt ned, i alle høve med barneaugo, og det var samla opp mykje uhumskheter gjennom lang tid, så me heldt oss til den vesle opningen når me var på besøk der.

Rommet var prydd med bilete, Dei kongelege var populære, og hang ofte på doveggen.Fargebilete av kong Håkon og dronning Maud, og sume hadde bilete av kronprins Olav.

Det var plass på benken til aviser og blad som ein  brukte til å turke seg bak. Du reiv av eit stykke, og skrukka det mellom hendene til det vart mjukt, og så turka du deg med det. Aviser var betre enn blad til det formålet. Men når du først var der, og ingen stod utanfor og "måtte" inn, så bladde du gjerne gjennom  både Hjemmet og Allers og las eit stykke elle to.

Det var mykje fluger der om sumaren. Nokre hengde opp flugepapir på vetlahuset, men ikkje alle såg seg råd til det. Fluger og lukt høyrde med til besøket, men du kunne gjere plaga mindre ved å hugse å legge på lokket når du var ferdig.
Det var som sagt kaldt om vinteren, så borna brukte potte, eller ein tissa utanfor nova, bortanfor rekkevidda av utelampa,  om ein berre skulle  gjera lite. Det rann ned i jorda, og vart borte. Ingen brydde seg om det.

På mindre hus var det fornødne fanga opp i ei trebytte eller stamp, som måtte tømmast når han var full. Heime grov far  eit hol i bakken like bakanfor uthuset, og der vart  stampen tømt. Det vaks mykje brennesle og store bringebær på staden!
 Hjå bestemor var det lengre ned, og meir plass. Dei tømde nok av og til, men kvar dei gjorde av det veit eg ikkje. Truleg enda det på eit jorde, for det var ikkje rekna som rett å bruke slik gjødsel til  potetåkeren eller liknande, så vidt eg hugsar.

Bedehuset og ungdomshuset hadde utedo, og skulehuset like så. Eit for karar, og eit for kvinner. Når det var basarar og møte om kveldane, og ein skulle ut, gjekk ein fleire. Kven kunne vita kva utyske som kunne  dukka opp om ein hadde ærend utanfopr nova? Det var tryggast å ha nokon med, sjøl om utelampa lyste.
På skulen stod utedoen i eit hjørne av skuleplassen. Vi fekk lov å gå på do om me måtte, men berre ein og ein. Vi vaska oss på hendene når me kom inn att, og mååte gå stille både ut og inn. Ein gong var det hol på nedsida  i kledningen inn til jentedoen, og dei mest fremmelige av gutane tok seg ein kikk. Kor mykje dei såg er uvisst, men holet vart snart tetta. Ein annan gong vart to av jentene stengt inne fordi nokre gutar sette kroken på utsida av døra. Dei vart løna med innesitjing i to friminutt. Ei skam som gjorde at det vart ed den eine gongen.

Vi fekk toalett inne då me flytte til nytt hus på Flossvika i 1955. Slutt med floger, kalde benker, avispapir og lukt.  Ei ny tid. Utedoen  i barndommen vil  ein nok aldri ha tilbake   😄😄😄


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar