Æres den som æres bør







Vi hadde respekt for far og mor, for lærarar , for eldre menneske og vi neia og bukka når vi helsa, og når vi takka for maten. 
Sjøl om biletet av kongen hang på vetlehusa bortover, så var han og huset hans noko vi såg opp til, og me høyrde ikkje noko negativt om dei kongelege. Det einaste var at dei viste sunn folkeskikk, som at kronprins Olav tok koteletten og gnog av beinet i staden for å bruke kniv og gaffel, og dermed kunne heile forsamlinga gjere det same, og nytta ut maten. Men vi visste lite om feriar og kjærestar, om eventuelle utanomekteskaplege  eskapadar. 
Stortinget og politikarane var storfolk, og det var sjeldan me høyrde noko negativt om dei, men dei vart æra ekstra om dei var folkelege. Mor snakka om ein stortingsmann som åt wittenbergar ved kjøkkenbordet då han var innom. 
Lækjarar og sakførara var storfolk, og vart behandla betre enn andre. Men alle som hadde uniform og  uniformslue vart sett opp til, anten det  var lensmann, kaptein og styrmann på rutebåten så var dei litt framom alle andre. Ja, sjøl matrosen på gamle Oster hadde rang som ein velvørd person, men han kunne det forteljast ei skose eller to om når far og kameratar var i  godt lag. 
Byfolket stod over oss vanlege strilar. Dei hadde ein pondus og ein væremåte som gjorde at 
folket på landet såg opp til dei. Dei vaksne knota når dei tala med dei, og let dei få fordelar .
Me ungane neia når me traff dei, og omtala dei med respekt, om dei ikkje oppførde seg altfor  langt frå vanleg folkeskikk. Men folket tålte røyking, at dei var lettpåkledde og arbeidde på sundag, sjøl om det ikkje vart akseptert. 
Vi hadde stor respekt for læraren. Det vart nok snakka om han i heimane, men når vi møtte han, og var på skulen, så helsa vi, takka og gjorde som han sa. 

Vi helste på bygdefolk me møtte etter vegen, og som små neia vi og. Dei helste tilbake, og vi vart i eit slags fellesskap gjennom dette ritualet. 
Vi hadde respekt for Gud og det heilage, for kyrkja og prestane, for bibel og møter, sjøl om ikkjea alle vedkjente seg kristen tru. Det var ikkje rekna som god tone og god oppførsel å banne og sverje, sjøl om naturen kunne gå over opptuktelsen, så unnskyldte ein seg og bad vel ei stille bøn oppover om tilgivelse. 
Om ikkje alt var godt i den respekten vi hadde for alt og alle før, så var det mykje godt i den grunnleggande respekten vi hadde for andre!  




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar