Reint skal det vera, sa kjerringa


Golvet vart vaska kvar dag, utanom sundag. Barneføter tok med seg mykje sand og jord inn, og far tok ikkje alltid av seg støvlane, han heller. Det var heller ikkje krav å ta av seg skorne om du hadde eit lite ærend inn. Det tok lengre tid å knyte opp skolisser, ta av seg sko og knyte dei på seg att, særleg fordi dei minste måtte hjelpast. Nokre korte drag på golvmatta, om du hugsa det, og in you go!

Men helgavasken var viktig! Då skulle det bli reint! Denne vasken var ei jente/kvinnegreie. Kom du på besøk til nokon laurdag, så var mor og døttre engasjert med vaskebøtta. Men mennene slapp unna, og gutane og, så vidt eg hugsar.
Når du var ni år, var du ein del av prossesn, og fekk tildelt oppgåver. Det var å hente bøtte, løvang og klut på badet, finne PEPkartongen i kjøkkenskapet under vasken, og duste ca. ei skei av pilveret oppi bøtta før du tappa vatn oppi. Rekkefølga var viktig, for pulveret måtte løyse seg opp, og ikkje liggje som kvite prikkar på golvet. I byrjinga vart arbeidet delt, slik at ein fekk ansvaret for stovene, eller kjøkkenet, badet, gangane eller soveromma. Det var nok å ta av.
Det nytta heller ikkje å mukka. Var du heime frå skulen laurdag, var du ein del av bøtteballetten. 3 dagars skuleveke hadde fordelar og ulemper.

Først skulle ein vaska rundtom, som det heitte. Rundtomvaskekluten, som i byrjinga var ei fille, vart dyppa i vatnet, og du tørka støv av vindaugsposten, stolar, bord, bokhylle, seng, nattbord og det som elles måtte vere i romma du hadde fått ansvaret for. For etterkvart som ungeflokken vaks til, vart huset delt mellom to og tre : Soveromma oppe, stovene, gang, kjøkken og bad var vanlegaste inndeling.Mor  tok ofte det vanskelegaste, men vart og oppteken med ungar, mat og kundar på bensinstasjonen. Du tok ofte med eit yngre medlem av familien og, og let 3- og 4- åringen få ein oppvridd klut, og hjelpe til med rundtomvasken. Arbeidet gjekk nok ikkje fortare, men dei fekk opplæring, og slapp ikkje unna, dei heller! ( til og med guten! Han var yngst, og hadde lite rettar i ein familie med 4 eldre systre).
Vi tok filleryene ut i bislaget og riste dei.Så bytte vi klut, og tok fatt med løvangen. Først var kluten av gamle filler, men seinare kjøpte vi klut på butikken. Men sidan  det var laurdagsvask, så var det ingen slurvevask. Krokane måtte med, og der du ikkje nådde med kost, gjekk du på kne og albogar. ( Eg las nettopp at dei første vaskerobotane fekk strykkkarakter fordi dei ikkje vaska i krokane. Men me kom til!). Stolane skulle flyttast frå bordet, og du skulle innunder bokhylle,seng,skap og omn. Moderens nådelause auga såg alt, og var det ikkje skikkeleg gjort, risikerte du å bli ropa innatt frå venninneleik og gjere arbeidet oppatt. Ei skam du helst ville unngå.
Vi kosta ikkje før me vaska, men gjekk rett på. På kjøkkenet og badet var det same prosedyre. Du vaska av bord og benker, av skapdører og vegger, tok lampekuppel og sidene på komfyren. Flekkene som hadde kome i løpet av veka skulle bort til helga. På badet vaska vi karet, vasken og flekkane på veggane. Vi tørka støv av den elektriske omnen og gav toalettskåla ein omgang. Reint skulle det vera!

                                                         Litt nyare sko som illustrasjon

Trappene til kjellaren vaska vi og, og rydda og vaska gangen. Når det var laurdagsvask, nytta det ikkje å vaske rundt skorne i ytre gangen. Nei, alle måtte ut frå veggen, og du måtte vaske bak dei,og få bort all sand og skit før du sette sko og støvlar  sirleg på plass, par ved sida av par.
Du rista golvmatta.. og det same med matta på utsida, og kosta litt i bislaget. Eigentleg tok vel ikkje arbeidet så lang tid, men det føltes veldig lenge. Men så var du ferdig. Helga kunne kome!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar