Bilen i arbeid og fritid

                                              (ill. foto)
Far hadde lastebilar.  I mine augo var dei store, men når eg i vaksen alder ser på same modellane, ser eg at dei var små, i alle høve etter dagens standard.
Han hadde først ein Bedford og før det ein annan bil, og enno ein som vel eigentleg var bestefar på Hjelmås sin, men som mykje anna vart  bilen brukt av sønene hans, og far var ein av dei som hadde mykje bruk for bil. Det var denne bilen han køyrde om Soddalskaret og til Hodnesdalen med, som eg tidlegare har fortalt om.
Eg minnest så vidt den raude Bedforden, og ikkje minst samtalane han hadde med mor, og frustrasjonen over at den gamle bilen stadig måtte reparerast, om mangelen på bildelar, som det var etter krigen,  og at han ikkje kom seg på arbeid fordi bilen streika.
Så gjekk dei til i 1953 den store handlinga å kjøpe ny bil, ein Opel Blitz. Eg hugsar den dagen han kom på garden, ny og fin, blå med raude striper og metallic i front. Det var eit vedunder av ein bil, og naboar kom for å sjå han. Han mangla lasteplan, og det laga far sjøl. Ein måtte spara på det som kunne sparast på. Så vart planet festa til bilen,og  malt blå som køyretøyet.. For å forsterke planet i botn, fekk han tak i ei jernplate som han skar til og la nedi, og dermed var bilen klar til å gjera teneste og frakte det far måtte ha bruk for. Det var mykje: Det var sand og sement, slangar, dynamitt og fenghetter, bor, spadar og spett, bensin og olje og mykje anna. Han feste kompressoren fast til kroken, og så frakta han han frå arbeidsplass til arbeidsplass.
Arbeidsfolk vart frakta på planet, og folk som sykla eller gjekk fekk sitje på, med sykkelen på lasteplanet og mannen inni. Det var mange som sykla, men fekk du sitje på bil kom du sjølvsagt fortare fram, og slapp å bli våt om det regna.
Me ungane sat på planet, med sterk formaning om å  halde oss fast i karmen. Far gav ordre  om å sitje, og ikkje reise seg før bilen stod i ro. Me klauv opp på hjula, eller frå stigbrettet og oppi karmen. Ein gong klauv eg opp medan bilen var igang. . Eg fekk beskjed om at det var farleg, og  ville eg vera med, måtte eg vente til bilen hadde stansa. Far var så alvorleg og sint i stemma at det gjorde eg aldri meir.

Far brukte bilen til Bergen for å hente varer han trong til arbeidet. I den tida var det ein omstendeleg veg, med grinder og ferjer, slik eg har fortalt i  historia om Bergensturen. Far henta  materialar, dynamitt , olje- og bensinfat, og frakta og for andre om dei trong noko. Det var raskare og billegare enn å frakte med dampen.
Fyksesundbrua.     Bak familien ser du Opelen med overbygg.
I vekene var bilen arbeidsbil, medan han var turbil i helgane. Me køyrde til Hjelmås og besøkte bestefar, til Eikanger og Hakset og besøkte slekta der, og hadde turar rundt i Nordhordland, der vegane var færre og smalare enn i dag.
Far fekk tak i eit overbygg til bilen, med vindauge og presening til tak, og sveisa saman 8 bussete på skinner på eine sida, og 4 på andre, og så kunne han ta slekt og vener med på tur. Vi drog til Hardanger, gjennom Tokagjelet  og såg på Fyksesundbrua, som i den tida var ei av dei største bruene i landet.Vi overnatta i bilen, for far tok ut seta frå overbygget, og så hadde me slokabol. Han tok med seg slekt og vi reiste på sundagstur til Radøy og besøkte Anna,tanta til far, på Sletta, ytterst på øya. Det vaks det lite tre, og dei som var var krokete og forblåsne. Dette var ei skikkeleg reise før brua over Alverstaumen kom, med båt// ferje frå Alversund til Straumen. Eg hugsa at vi køyrde inn bilen på sida av båten, så det var litt av eit plunder.
Han arrangerte tur til Ålesund- Lillehammer : Geilo- Hardanger , og mor fortalde at han tenkte ut at vi måtte køyra dei mest  spektakulære delane av Norge, med Stalheimskleivane ( gammal vei), ferje over Sognefjorden, Geiranger , Måbødalen og Tokagjelet, alle utanpå fjellet og ikkje gjennom tunellar som i dag.
Sume av dei som sat på yttersida og såg ned i dalen langt nede,hadde nok meir enn nok med det, og nokre lukka augo. På den turen var me 12 stykker, og nokre låg i bilen, medan andre hadde med telt, og me laga oss mat på primus. Det tok ei veke, og var ein storveges campingtur, etter standarden då.
Eg lærde meg å bruke kart etter den turen, og låg på magen på golvet og gjenopplevde turen på det store veikartet gong etter gong, fortalde om han på skulen, og skreiv til og med stil om turen i 2. klasse. Det var vel ingen annan unge i bygda som hadde vore på så lang og spanande ferd.
Bilen og overbygget var mykje brukt som buss under den store vekkinga som gjekk over Nrdhordland i 1954-55. Særleg pinsevennene reiste mykje, og far køyrde. Seine kveldar, men opp og på arbeid dagen etter.
Spedometeret på bilen viste at bilen kunne køyre i over hundre. Det var stor fart i dei dagar. Eg hugsar ein gong me ungane var trygt plassert i tilbygget, og far køyrde nedover forbi Kleiva. Det var strak vegog full oversikt ned til ungdomshuset, og han sette klampen i botn og pressa bilen ein augneblink  opp i over 90. Me ungane prøvde å sjå kor fort han køyrde gjennom ruta i tilbygget, og var mektig stolt: Tenk at bilen vår kunne køyra så fort!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar