Martha Husdal

Så var ho Martha Hagesæter vorte Martha Husdal. Me skriv året 1961, og historia er altså frå etter 50-talet, men det er også greit å føre ei historie til endes. Eg var borte det meste av den tida eg skriv om, så dette er det eg hugsar. Det er nok mykje meir å fortelja. Men så er bloggen subjektiv. Det er dette eg kan minnast. Andre har andre minne.
Ho gifte seg med ein brunnborar som reiste på heile Nord- Vestlandet, og som var mykje borte i vekene. Sjøl heldt ho fram med bensinstasjonen i enno eit tiår, og hadde omsorg for ein barneflokk som snart talde sju. Ho sydde og strikka til borna, og reiste både til byen og på fabrikkutsal for å finne tøy og halvfabrikata av strikkevarer .Eine syster mi fortel  om dei raude strekkbuksene mor sydde,og som aldri vart utslitne, og som syster mi som nr. 4 i flokken ervde fleire av.
Mor vart med i Venstre, og det var på tale å setje henne på sikker plass på stortingslista, men ho og Sigmund fann ut at det ikkje let seg gjere at begge var borte i vekene, og han såg seg ikkje råd til å vere heime, og så takka ho nei. Men ho var med på landsmøtet der Venstre vart delt, og familien snakkar enno om dei 30 sekunda ho og håndveska hennar vart vist på Dagsrevyen.
 Sigmund var med i mållaget, og engasjerte seg mykje for å ta vare på nynorsk språk.Mor hadde nok også syn for landsmålet, og dei var ihuga målfolk, og støtta målsaka og Det norske samlaget i mange år.
I desse åra tok ho bedriftsleiarskulen, og held fram med det ho hjelpte far med : rekneskap og anbud. No  hjelpte ho  Sigmund ein del med regnskap for Vestnorsk Brunnboring. Etterat bensinstasjonen vart avvikla, tok ho seg arbeid på aliminiumsfabrikken i Knarvik. Ho arbeidde på skobutikken i Knarvik, og på ein bensinstasjon, før ho og Sigmund starta opp med Nærhandel på Flossvika. Ho lika nok dette arbeidet , men butikken gjekk ikkje, truleg fordi folk hadde fenge andre vanar etterat handelslaget på Leiknes vart nedlagt. Det var kort veg til Knarvik etter tunellen gjennom Mundalsberget kom, og ei veksande mengd kjøpesenter. I tillegg var det midt i ei økonomisk nedgangstid, så ho måtte kasta inn handkleet og stenge butikken. Eit nederlag for ei driftig kvinne.
 Så vart ho kontormedarbeidar for Vestnorsk brunnboring, førde rekneskap og laga anbud, noko ho kunne, og arbeidde med til pensjonsalderen, så vidt eg hugsar.
Ho og Sigmund reiste ein del, og besøkte Ungarn, Tjekkoslovakia  og fleire andre landa i austblokka. Ho kom heim att med handarbeid og fleire servise som minne frå dei turane. Dei reiste til Syden, og tok 5 av ungeflokken med på 14 dagars tur til Kanariøyane (?) på 70-talet.  Det var i den tida då ennå  " Der skulle vi ha vore, Karl" var ein hit, og det var eksotisk å kome heim til vesle Leiknes med brunfarge i desember, fortel syster mi.
Mor var glad i familien sin, og etterkvart som ungane sette bu og fekk sine barn, vart heimen på Flossvik eit naturleg samlingspunkt. Dei som budde nær, stakk innom på kaffi og kvelds, og dei som var lenger vekke kom heim med familien på lengre feriar. Mor hadde plass og tid, midt i travelheita si, og der var mat og kaffi, fine samtalar og turar, og  alt som elles høyrde med til eit besøk. Barnebarn snakkar enno om kveldsmat med kakao og  brødskiver, og om overnattingar hjå bestemor og bestefar.
 Dei hadde tid for barnebarna sine, las for dei, og tok dei med i arbeidet i dagleglivet.
I dei fleste liv er det opp- og nedturar. Slik har det vore i dei fleste av oss syskena sitt liv. Men trong me gode råd, moralsk støtte eller barnepass, praktisk eller økonomisk hjelp i eit knipetak, så stilte mor og Sigmund opp. Det er godt å minnast i saknet etter dei: Dei var der når me trong dei.
Den andre samlingsstaden var Sigmund sitt hus i Husdal, der både barn og barnebarn har mange gode minne frå, fjellturar, bærturar, velsmakande måltid og gode samtalar rundt matbordet.
Mor og Sigmund fekk  nesten 50 gode år saman. Dei budde i Knarvik dei siste åra, og mor budde der etter Sigmund døydde. I sine eldre år var ho engasjert i lokalpolitikken, mellom anna gjennom eldrerådet. Dei siste åra skranta helsa, men ho fylgde godt med, og hadde meiningar om samtid, politikk og samfunn til det siste. Ho vart  91 år. Fred over minnet!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar