Julebukk


I desse tider, når debatten går om Halloween og julebukken, så vil eg skrive litt om sistnemnde, slik skikken var då eg vaks opp i ei lita bygd på Vestlandet.
 Vi gleda oss til nyttårsafta, for då skulle me gå julebukk.
Det er litt diskusjon om opphavet til denne skikken, om han er heidensk eller frå middelalderen, og kva funksjon denne hopen av julebukkar hadde frå gamalt av. Det er også ulike skikkar i ulike delar av landet, og i andre land. Ikkje alle gjekk same dagen , heller, men stort sett i romjula.
Men omkring Bergen gjekk me julebukk nyttårsafta, eller nyttårsbukk, som sume kalla det. Formålet var å kle seg ut, vandre frå hus til hus, vise seg fram, helst ikkje bli gjenkjent, og sjølvsagt få del av juleknasket i bygda.

Det var stor ståhei  med utklednad. Ein skulle kle seg ut slik at ein ikkje vart attkjend, og det var difor viktig å finne klede som var nøytrale, og ikkje minna så mykje om der ein kom ifrå.. Islendarar, pute på magen og bakenden kunne vera vanleg, store gummistøvlar, arbeidsbukser, strekkbukser og side skjørt
Nissemaskene var av celluloid, og både dyre og lite høvelege, ettersom du sveitta og fraus inni dei, og pusta slik at maska vart våt innvendig. Dei fleste av oss brukte nylonstrømpe, og seinare kreppstrømpar over hovudet. Så kom maleskrinet fram, og mor malte munn, augebryn, frekner og kinn etter alle kunstens reglar. Dette var før lepestift og mascara var i  brukt på landsbygda, så etterkvart som kvelden vart lengre, så var malinga klint ut over andletet, men kven brydde seg om det?
Lommelykt måtte vi ha. Det var mørkt, og sjøl storvegen var holete, for ikkje å snakke om sidevegar og markavegar, med hol og greiner og takomtil svedl på vinteren.
Me måtte også  ha med oss noko å bera fengda i.

Oftast vart det ei veske, ein ransel eller eit spann, for nett hadde for store hol til sjokolade, snop og neter. Og då talar me om nett laga av hyssing, for plastnetta var ikkje funne opp enno.
Då eg var 4-5 år, var det greitt nok at mor eller far fylgde oss til bestemor og bestefar, og eit par naboar. Alle vart ovandottne over å få besøk, og korkje Stella eller Ingeborg kjende oss att, sjøl om både den rosa kjolen og buserullen til  far som lett å finne ut av. Me fekk appelsiner, eple eller småsjokoladar til å ha i dokkeveska, og tutla glad og nøgd over haugen og heimatt for å fortære bytet..
I slutten av småskulen gjekk me saman 2.3 stykker, og besøkte fleire naboar. Utbytet vart sjølsagt større, og  då eg var komen i storskulen, gjekk me 5-6 i lag. Me traff andre flokkar, og slo oss i lag med dei, og skildest etter ei stund. Somme stader vart me bedne inn, og tokka oss saman ved døra,
vart tilbydd plass, og sat 3 -4 i same lenestol, medan sjølvefolket ville ha oss i tale. Dei ville vita kvar me kom ifrå, og om det var langt dit. Me peika og gestikulerte, og svara med pipande eller grov røyst for å villeie dei nysgjerrige.
Så fekk me kaker, frukt eller snop, og takka og bukka oss utatt. Me lo og ståka, og fann vegen til neste hus, banka på og venta spent på om nokon kom ut. Det gjorde det alltid, for julebukkar var velsedde i bygda  nyttårsaftan.

Eit år hadde me sett oss føre å gå alle tre dalføra på vandringa, frå Hopsdal, gjennom Dalane og i Hedlesvågen, men eg trur ikkje eg kom så langt, ettersom eg hadde ei streng mor som sette innetider, også på ein slik dag. Argumentet- alle andre får lov, hadde  ingen innverknad på henne.: - Du kjem heimatt. Eg vil ikkje ha ein unge som rek etter vegane nattes tider! Og slik vart det.

Men før den tid var det mange timar med moro, ettersom vi traska fra det eine huset til den andre, prata og fann på ståk undervegs,Var det månelyst var det lett å gå, men om det var mørkt,  brukte me lommelykta, og lyste på stubbar og tre etter vegen, og fortalde nifse historiar som skapte mørkeredsle når du måtte gå siste del av vegen heim åleine.
 Sume bad oss inn, andre kom i døropninga og delte ut gotteri og frukt. Nokre ville ha oss til å snakke, og finne ut kven vi var, medan andre lo og hadde moro med gamlemor og gamlefar, fiskaren og nissen ute på garden.
Vi song og deklamerte ikkje, men viste oss fram og fekk det me var ute etter: julegottar. I nokre år hadde eg gotteri i dagevis, og åt og kosa meg. Eg delte vel litt med yngre søsken, men fengda var mi.
Ungdommen gjekk og julebukk, og sume av dei vaksne kledde seg og ut og tok ein tur i nabolaget. Men dei gjekk litt seinare på kvelden.
Ja, nyttårsafta var noko å glede seg til, kvart år!

(Bileta er teke frå nettet, og er av yngre dato).

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar