Lys i mørke




Hausten og vinteren var mørk. Det var lite lys, og straumen var dyr. Etter vegen var det eit og anna utelys på stolpane, men det var langt mellom dei, helst lyste det ei lyspæra opp i vegaskilje og på kaien. Lange stykke var det ikkje lys, anna enn ei og anna utelampa som lyste utanfor hus attmed vegen. Du kunne lett trø nedi eit vasshol i grusvegen, eller til og med utanfor i vegaveita, om det var stummande mørkt. Lommelykta var viktig å ha med seg om du gjekk ut om kvelden på denne årstida. Ho lyste der du gjekk, men utanfor lysstrålen var det mørkt, og fantasien høyrde eg  både ulv og bjørn, sjøl om dei på den tida ikkje lenger var på Vestlandet, og slett ikkje i ei fjordbygd der skogen vart halde nede av husdyra. Ja, du kunne undrast om troll og vætte var gøymd bak buskeleggane, og du gjekk fort og målvedvite med mjølkespannet eller handleveska. Glad var du når du såg utelampa heime, og kunne koma i tryggheit.

No var det ikkje alle kveldar som var mørke. Stjernehimmelen kunne blenkja over deg, og du såg Karlsvogna, Orion  og Lillebjørn, ei strålande stjerne som sjølsagt måtte vera Betlehemsstjerna, og desse var som vener som blinka til deg, og lyste opp vegen din. Eit stjernerap for over himmelen, og du trudde at ein stad i verda døde det eit menneske. Månen kunne koma fram, og var det fullmåne så var det lyst og fint, og det skein nesten som på lyse dagen. Det var månelyst, og du såg korkje rovdyr, underjordiske eller trolldomsmakter på vegen heim. Mannen i månen såg me etter, men trudde ikkje heilt på han, men litt trøyst var det å tenkje på at han kanskje såg ned på deg.
 Kanhende kom pus deg i møtemed halen i veret på vandringa heim, og det var rett så triveleg å vandre vidare. Vi viste om månefasene, og når det var måne i ny og ne. Med handa kunne du skilje dei.
Elles så var det ein regel som galdt når du var hjå vener: - Du får koma heim før det vert mørkt! Det resulterte i at leiketida vart kortare i vinterhalvåret, og lengre når det var sumar. Då  galdt ikkje skyminga som heimattkall, for då hadde me aldri kome heim, ettersom det var lyst mesteparten av døgnet. Men det var ei vis befaling, for du slapp å gå i mørke gjennom utmark, der stigen hadde steinar, røter og hol du kunne snuble i.

Skulle du på utedoen, så var det dei færraste som hadde lys der. Lommelykta måtte fram, og du lyste deg dit, om ikkje utelyset gav ein veik ljoske. Men inne på doen var det ikkje lys, så lommelykta låg på benken medan du gjorde ditt fornødne. Ofte var me fleire som gjekk samtidig, så det var sosialt, og du kunne ta ein liten avstikkar etter dobesøket, og utforske mørket.
Det gjekk og å leike gøymespel med lommelykt. der du blinka for å vise kvar du var, eller lyste for å bomme deg fri.
Bøndene gjekk i fjøset. Det hang ei lyspære eller to i sjølve floren, men ofte var ein unge eller to med for å lyse for dei vaksne når dei skulle henta for i løa. I nokre løer hang det lys under taket, og dei sette det på akkurat når dei skulle hente høy. Straumen var dyr, og ein brukte ikkje meir enn ein måtte.
Lyset var ustabilt- Straumen kunne bli borte. Lyset blinka, og då var ofte neste steget stummande mørke, inne og ute .Ein sendar kunne vera ute av drift, eit tre kunne ha blåse over linja, eller linja kunne falle ned.. Radioen vart stum, for han gjekk og på straum. Då var det mørkt! Talglys og oljelampa kom fram, og ein famla seg fram - i timar, kveldar og netter. Til straumen kom att.
No er det lys alle stader. Ledlysa lyser , og vandrarane har ofte hovudlykt, så dei ser vegen og hindringane som måtte vere framfor føtene. Eg las ein stad at forureining og tåke tok bort meir av stjernelyset , men enno lyser månen vakkert, og fullmånen er verkar ljosare enn før.
I advent lyser det juletre og dekorasjonar overalt. Det vakkert, og er absolutt lys i mørke.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar