På ferietur med Opel Blitz.

Vi reiste på mange turar med den overbygde Opelen.
Den lengste gjekk både til Ålesund og nesten til Lillehammer. So vanleg samla far saman slekt og vener, og me var 12 stykker som reiste, inklusive mor, Anny og eg. Vi hadde med soveposar og madrasser, og nokre overnatta i telt. Maten vart kokt på primus, og skaffetøy henta me frå kjøkenskuffa og skap. Litt dramatikk vart det då ein hadde lova å ta med bestikk til forloveden sin, men hadde ikkje turt å nevne det for mor si, men mor hadde ekstra, og det ordna det seg. ( Det var ikkje alle som godtok at forlova par reiste på tur i den tida!)
 Turen gjekk til Voss, som var lengre og dårlegaste veg enn i dag, og ned dei gamle Stalheimskleivane.  Møtte du nokon, var det å rygge til ein av dei mange møteplassane. Å sjå ned var spektakulært, og særleg nokre av dei vaksne var heller bleike då me kom ned Kleivane.

Me måtte vente på ferja frå Gudvangen, og som vanleg gjekk me inn på ferja, men far køyrde. Turen var lang, og det var mykje å sjå på veg inn Sognefjorden, med stupbratte fjell, grøn fjord og snøkledde toppar. Mor og dei andre damene var så fasinerte av to ladyer som køyrde med butler, og han sprang med pledd og henta kaffi til damene. Det vart meir enn ymta frampå om ikkje mannfolka såg korleis dei skulle behandle kvinnfolk. Trur nok det var for døyve øyrer.
Anny og eg hadde nysydde kjolar, og fekk god kontakt med  den engelske ladyene. Vi fekk sjokolade og tyggegummi, og dei skrytte av oss, på engelsk, så det var ein med realskulengelsk som oversette det.

På andre sida av fjorden  gjorde manuell navigering  at skipperen måtte bakke og prøve på nytt, særleg når det var straum, men han var flink, og me kom til kai.Deretter køyrde bilane i  land, og vi passasjerane gjekk over landgangen.  Me klatra opp på lasteplanet og inn i overbygget, og døra vart snørd att. Så  bar det vidare, og vi overnatta fleire gonger. Mykje vakker natur, ein del dårleg veg, og fleire ferjer, før vi kom til Ålesund. Her skulle vi til Møre ungdomsskule, seinare Borgund folkehøgskule.
Bestefar til far gifta seg opp att med ei enkje frå Grasdalen, og ho hadde to søner. Sjøl om dei ikkje var i slekt, var det mykje omgang med dei i Grasdalen. Johannes Hagesæter, ein av sønene,  var rektor på Møre ungdomsskule, og hadde mellom anna hjelpt bror til far med skuleplass. Han var ein flink skulemann og forkynnar, og sjølsagt ein størrelse i familien fordi han hadde utdanning, og kome seg fram i livet.
Vi møtte Johannesog Klara og familien, og overnatta på skulen. Dei vaksne fekk sjølsagt omvisning på skulen, og prata om laust og fast. Me ungane leika.Borgund folkehøgskole ved Storfjorden og inngangen til Hjørundfjorden.jpg

Så gjekk turen til Dombås. Ny spektakulær natur, og mykje vakkert. Dårlege vegar nokre stader, og me besøkte utsiktpunkt og reiste vidare. Far kjøpte vimplar til å henge på bilen og det vart retteleg spektakulært etter kvart.  Vi drog nesten til Lillehammar, og overnatta ved kanten av Lågen, som gjekk  stor og grøn . Vi hadde aldri sett så brei ei elv før. Mor hadde kjøpt nye labbar til oss, og vaska dei. Dei låg til tørk, og ein av mine vart gløymd  att. Landesorg. Nye labbar var ikkje noko du fekk kvar dag.
Bilderesultat for måbødalenEigentleg skulle vi til Lillehammar, men vi måtte venda heimover. Turen gjekk over Harangervidda, ned  den frykta Måbødalen, som i desse dagar gjekk utanpå fjellet og ikkje inni. Det var igjen ein skrekkens oppleving for nokre av dei vaksne, men vi kom då ned. Undervegs stoppa vi og beundra Vøringsfossen, og sikra oss bilde av den. vi ungane heldt fast tak i handa til dei vaksne medan vi gjekk ut på stupet. Fantastisk å sjå!Bilderesultat for måbødalen    

Ferja Kinsarvik- Kvanndal hadde lange køar, og det såg ei stund ut som vi måtte overnatte.  Vi kom med Folgefonn, som ferja heitte, og overnatta etter det eg hugsar i nærleiken av  Kinsarvik. Bilderesultat for folgefonn ferge  Bilderesultat for tokagjelet
Så  drog ferda  gjennom svingete Hardangervegar , gjennom Norheimsund og opp Tokagjelet, over Kvamskogen, før me etter kvart nådde ferja Steinestø- Isdal , og køyrde om Seim, Vaet, Hjelmås og heim. Undervegs sette vi av folk, for alle skulle heim til sitt.
Yngste syster mi, Åsta , var heime hos tante Inger. Stor var mor si overrasking da jenta snudde seg frå henne. Me hadde vore for lenge borte..
https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=5145840421804994256#editor/target=post;postID=7107959601118438083;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=247;src=postname

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar