Opelen som turbil

Opelen var ikkje berre arbeidsbil. Far fekk snekra overbygg til den, med vindauge, og fekk tak i  12 gamle bussete, som han sveisa saman, to x4 og eit 4 . Taket var av presenning, og passasjerane steig inn bak.  Dei klatra opp ein stige for å kome inn.
Når far brukte bilen til arbeidsbil, hang overbygget i taket, og så rygga han berre inn, heiste ned huset, og så var turbilen ferdig!




Me var mykje på tur med den. Far samla gjerne slekt og vener, og så drog me på tur. Det vil sei, på sundagsturane var mor heime med dei minste. Ho laga middag og tok seg av det som skulle gjerat i ein veksande familie.
Første turen eg hugsar, gjekk til Radøy for å besøkje tanta til far, som hadde busett seg heilt ute på Sletta, utmed havet, med lite og ikkje skog, slik det var på våre kantar. Så vidt eg hugsar, var det full bil. Å få tilbod om dagstur til Sletta var ikkje kvardagskost i dei dagar, og ikkje mange hadde bilar.
No var det ikkje slik å reise til Radøy som i dag, når ein cruisar over bruer. Brua over Alverstraumen var ikkje komen, så me reiste til Alversund, der eg synes å hugse at me vart teken ombord i ei ferje eller båt med innkjøring på sida. Så tok ferja oss over til Alverstraumen, og eg hugsar dei vaksne snakka om den strie straumen som var i vatnet, og som hadde skapt ulykker i gamle dagar.

Vi kom no  fram til tante, etter å ha køyrt både lenge og langt på svingete grusvegar på Radøysida. Der vart vi servert, og eg hugsar at eg for første gong fekk mase meg til å smake på gamalost, noko eg angra på!

Det andre storhende som skjedde, var at far gløymde meg att, for han skulle vel å sjå på noko arbeid. Sundagsturane var ofte ein kombinasjon av utflukt og og nytte. Så fekk han vel kort tid til ferja, som ikkje akkurat gjekk kvar time på ein sundag i den tida,  og køyrde utan meg. Men eg leika med ungane i huset, så eg merka ingen ting, før han litt betutta kom for å hente meg. Vi nådde siste ferja!

Vi var og på tur til Hardanger, far, mor, 3 ungar og onkel Edvard og tante Borghild, onkel til far. Det var så lang tur den gongen at me overnatta. Familien i bilen, og dei to andre i telt. Madrasser, sovepose ,  primus, tallerknar og bestikk,var med, vi  og kokte oss mat.
Over Kvamskogen og gjennom Tokagjelet drog me , der vegen i den tida var utanpå fjellet og ikkje inni. Det var bratt utfor, og spanande å kjøre der. Vegen var elles smal og svingete, og møtte du bil, var det å rygge til næraste møteplass. Målet for turen var å sjå  Fyksesundbrua, som då ho vart opna i 1937 var Nord-Europas lengste hengebru. Me køyrde over, og gjekk over den tilbake, og eg hugsar kor spanande det var med fjorden langt der nede. Vi ungane måtte leie ein vaksen når vi gjekk over brua.
Vi var å handla mat på ein landhandel nede ved ein kai i nærleiken, og eg fekk masa meg til indianarkniv.ar. Mor og far likte det ikkje, for jenter skulle ikkje ha kniv. Men eg var jo " guten hass Åsmund", og dessutan hadde eg godt utvikla overteljingsevner, så dei vart mine.

  Ein fin kniv med bilete av Sølvpilen, ein  indianar som var teikneseriefigur på den tida både på tollekniven og  faldekniven, Flott slire i skinn, og ho kunne hengjast i beltet! Eg smidde umiddelbart seljefløyter til meg og Anny og Åsta, men veit ikkje om dei var så begeistra som eg.
Men  eg voks svært i guttejengen på den handelen, og fekk vere med på cowboy- og indianarleikane, sjøl om eg var jente..Kniven  hadde eg i mange år.

                                     

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar